Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. FEBRUAR 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Årsmøte i Mållaget og balladar frå Telemark


Starttid: 21.02.2017 KL: 19:00
Stad: Skien
Tilskipar: Mållaget Dag

Tysdag 21. februar klokka 19 inviterer Mållaget Dag til lagsmøte på Dag Bondeheim.               

Då kjem Kari Lønnestad. Ho er leiar for Folkemusikkarkivet i Telemark. No om dagen er det blest om balladar og folkeviser med program på TV og i radio, sidan det har kome eit storverk med ballade-stoff frå heile landet. Kari Lønnestad vil presentera balladar både ved eigen framføring og nokre arkivopptak, og elles fortelja om stoffet frå Telemark. Ho var tidlegare med i trioen Tiriltunga. Ei gruppe som gav ut cd-ar, og heldt konsertar i inn – og utland dei ti åra dei heldt på. Ho har også gjeve ut viseboka: Telemarkviser.

Årsmøte i Mållaget Dag. 



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no