Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Teatertur til Oslo: «Edda»


Starttid: 20.04.2017 KL: 16:00
Stad: Skien / Oslo
Tilskipar: Mållaget Dag

Torsdag 20. april inviterer Mållaget Dag til teatertur til Oslo for å sjå «Edda».

Gudar og Jotnar på hovudscenen ved Det Norske Teatret.

Den verdskjende amerikanske regissøren, Robert Wilson, har fått i oppdrag å setja sin signatur på den norrøne mytologien. Teksten til framsyninga er utdrag frå Jon Fosses teaterversjon av gudedikta som vart skrivne ned på Island ein gong på 1200-talet. Jon Fosse seier: «Det var svært lærerikt og tidkrevjande å setja seg inn i denne diktinga. Det er god dikting, rett og slett. Og difor er det viktig.» Les meir på www.detnorsketeatret.no

Teatertur torsdag 20. april.

Buss frå Landmannstorget, Skien, kl. 16.00. Litt tid i Oslo.

Teaterframsyning på Det Norske Teatret kl. 20.00. Retur etter framsyninga.

Gruppepris på teatret kr. 385,-. Bussreisa t/r vil kosta kr. 500,- dersom me vert 20 deltakarar og lågare om me vert fleire.

På melding til Svanhild Haugen tlf. 954 83 313 eller e-post: svanhild_haugen@hotmail.com

Påmelding innan 21. februar.                                        



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no