Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sommartur med Østfold Mållag


Starttid: 18.06.2017 KL: 11:00
Stad: Ørje
Tilskipar: Østfold Mållag

Velkommen til sommartur med Østfold Mållag!

Søndag den 18. juni er alle medlemmer med familie og venner inviterte til det nordaustlege hjørnet av fylket vårt – og den vakraste og mest idylliske staden – Ørje, med lange, smale sjøar, kanalar, veteranbåtar og eit rikt dyre- og fugleliv, folkesett av godmodige indre østfoldingar med god tid.

Vi samlast klokka 11 på plassen utanfor det gamle Kanalmuseet, ein kvit trebygning tvers overfor parkeringsplassen. Eilif Mosbæk, lokalhistorikar og tredje ættledds innehavar av bensinstasjonen i sentrum, vil gje oss eit føredrag om den vidgjetne kanalbyggaren og storsjarmøren Engebret Soot, attmed slusene. Så kan det høve å sjå innom Kanalmuseet nede ved elva, før vi drar til nons (lønsj, dei kallar) på idylliske Solstrand terrasse, om lag ved 13-tida. 

Deretter drar vi litt nord for sentrum for å sjå det skarpaste dialektskillet i Østfold, den vesle Enger-elva, som dannar skillet mellom ytre- og indremål, utan noko midtmål som buffersone! Det er den gamle heradsgrensa mellom Øymark og Rødenes, som òg er grense mellom diftong og monoftong, og mellom i og e i supinum («har fønni» i Rødenes, «har fønne» i Ømærk, osb). Dette er alvorlege saker, som Stortinget ikkje visste om da herada vart slått saman til Marker kommune i 1964.

Vi reknar med å vera ferdige i halv tre-tida. Da er alle som har tid og lyst, velkomne til hytta til Edvard om lag åtte kilometer sør for Ørje, på vestsida av sjøen.

Edvard Mogstad



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no