Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Valmøte om nynorsken sin status som jamstelt skriftspråk i Noreg


Starttid: 21.08.2017 KL: 18:00
Stad: Bergen
Tilskipar: Hordaland Mållag og Odda Mållag

 Møte om nynorsken sin status som jamstelt skriftspråk i Noreg

Hordaland Mållag og Odda Mållag byr inn til debattmøte måndag 21. august klokka 18 og møtestaden er  Litteraturhuset i Bergen.

På møtet vil me få innleiingar av  Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, Åse Wetås, direktør i Språkrådet, Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler og 2. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, Helga Mannsåker,  universitetsstipendiat og Liva Thiis som er leiar i Sørfjorden Målungdom og elev på Odda vidaregåande skule.

Tema på møtet vil vera sidemålsordninga, språkdelte ungdomskular (Odda-modellen) og lovfesting av nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar. 

Stortingskandidatane frå partia vert invitert til å stille opp til debatt. 

Dette er programmet: 

Direktør i Språkrådet Åse Wetås: Sidemålsordninga, ein føresetnad  for språkleg jamstelling. 15 minutt

Leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn: Målkrava framfor stortingsvalet. 15 minutt

Ordførar i Fjaler Gunhild Berge Stang: Kvifor er sidemålsstilen så viktig for ein nynorskkommune? 10 minutt.

Universitetsstipendiat Helga Mannsåker: Trygge nynorskbrukarar i språkdelte ungdomskular. 10 minutt. (Helga Mannsåker har nett levert ei doktorgradsavhandling i norsk.)

Leiar i Sørfjorden Målungdom Liva Thiis: Språkdelte ungdomsskular frå ein elevsynsstad. 10 minutt.

***

Innleiingar frå dei politiske partia. Dei 9 partia får 4 minutt kvar, til saman 36 minutt

Pause: 19.40 – 20.10

Oppfølging av innleiingane og ordskifte med avslutningsinnlegg frå politikarane: 20.10 – 21.30 



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no