Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkmoro med Linda Eide og Sjur Hjeltnes


Starttid: 05.11.2017 KL: 19:00
Stad: Fræna
Tilskipar: SamLES LITT og Romsdal Mållag mf

Linda Eide og Sjur Hjeltnes tek med seg sitt populære program Språkmoro til Myra kulturbygg i Vestnes 1. november. Under parolen Språk er sjov! gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier.

Linda Eide hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ein hyggeleg og eksamensfri atmosfære. Pianist og komikar Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag.

Fræna Folkebibliotek søndag 5.11 kl 19.00

Aukra Folkebibliotek er arrangør måndag 6.11 kl 19.00 i auditoriet ("Egget") på Gossen Barne- og ungdomsskole

Linda Eide plar også å ha med seg lokale kapasitetar frå språkfeltet og på denne turnéen får publikum møte Helge Sandøy, professor emeritus i nordisk språkvitskap og lektor Arnfinn Hovde som byter på å delta på dei ulike tilskipingane..

Tilskipinga er ein del av prosjektet SamLES LITT. SamLES LITT er eit treårig samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen, folkebiblioteka i Romsdal, GassROR og Møre og Romsdal Fylkeskommune. På turnéen med Linda Eide er også mållaga i Romsdal med som samarbeidspartnarar.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no