Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk = Nye Stavanger?


Starttid: 18.01.2018 KL: 19:00
Stad: Stavanger
Tilskipar: Stavanger Mållag

Stavanger Mållag inviterer folkvalde frå Stavanger og øykommunane til debatt torsdag 18. januar 2018 klokka 19 på Kåkå kverulantkatedralen. 

Det vert innleiing ved Peder Lofsnes Hauge (V), politisk rådgjevar for byråden for sosial, bolig og inkludering i Bergen og styremedlem i Noregs Mållag.

Dag Jørund Lønning, professor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling og styremedlem i Rogaland Mållag. 

Debattleiar er Rune Nedrebø, tidlegare journalist i Aftenbladet.

Språk må bli tema når nye Stavanger kommune skal formast. Stavanger er ein multispråkleg by på same tid som det er sentrum for ein stor nynorskregion. Har ikkje Stavanger eit stort ansvar for språkkulturen i fylket? Korleis sikrar me at nynorsken viser igjen i byen vår no som Rennesøy og Finnøy med sine språktradisjonar blir med i ”Nye Stavanger”?

Set av datoen alt no!

Møtet er ope for alle interesserte.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no