Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Søknadsfrist for nynorskstipend


Starttid: 05.02.2018
Tilskipar: Noregs Mållag

Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Noregs Mållag lyser ut to nynorskstipend à kr 50 000. Søknadsfristen er 5. februar 2018.

Føremål: Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som fremjar nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemnda ser særleg positivt på søknader som har som føremål å få nynorsken i bruk på område der han frå før er lite brukt.

Kriterium for tildeling: Ei kvinne og ein mann skal tildelast kvar sitt stipend på 50 000 kroner. Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser.

Krav til søknad/prosjektbeskriving:
- problemstilling og mål
- arbeidsform/metode
- tidsplan
- budsjett
- vedlegg: CV og ev. referansar til tidlegare arbeid

Krav til sluttrapportering: Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (på papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale.

Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Send søknad og eventuell dokumentasjon på e-post til nm@nm.no, eller til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo.

For spørsmål, kontakt Hege Lothe, konstituert dagleg leiar, på telefon 926 48 348 eller e-post hege.lothe@nm.no.

Frist for innlevering av søknad er 5. februar 2018.

Styret tek sikte på å kunngjera kven som har fått tildelt stipend i april 2018.

Frist for innlevering av ferdig prosjekt er 15. desember 2018.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no