Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. FEBRUAR 2018 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i skolane og i lærarutdanninga


Starttid: 27.04.2018 KL: 10:00
Stad: Hamar
Tilskipar: Hamar dialekt- og mållag mf

Femte seminar for studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte
Fredag 27. april 2018, kl. 10-15, Høgskolen i Innlandet, campus Hamar, auditorium 2

Det er ei stor glede å kunne invitere til det femte nynorskseminaret på Hamar. Nynorskseminaret har som mål å presentere både forsking og konkrete erfaringar frå praksisfeltet, frå dei ulike skoleslaga og frå lærarutdanninga. Ein vil også få tips om litteratur og undervisningsopplegg. Seminaret rettar seg mot studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. Så langt har det vore eitt seminar om våren og eitt om hausten. Mens vårseminaret er meir ope når det gjeld tema, er haustseminaret knytt til det aktuelle temaet til dei nasjonale forskingsdagane.

Sjølve programmet for vårseminaret er ikkje klart, og eg vil med dette be forskarar, lærarar, skoleleiarar, studentar, elevar, forlag – og politikarar – om å melde bidrag til seminaret. Alt frå praksisfeltet kan vere relevant og interessant, og deltakarane på seminaret set stor pris på «ekte erfaringar frå det verkelege liv der ute». Ein har blant anna også etterlyst føredrag frå barnehagefeltet. Det er sjølvsagt òg aktuelt med nynorsk som andrespråk. Har du erfaringar og tips du kan tenkje deg å dele med andre, er dette seminaret for deg. Send gjerne e-posten vidare til andre som du trur kan vere interesserte. Dersom du er forskar, veit du truleg sjølv kva som kan vere relevant å leggje fram på seminaret. Ta kontakt! Dei som allereie har meldt inn eit føredrag, kan gjerne stadfeste tittelen.

Det er 20 minutt per føredrag/presentasjon, og det vil vere 10 minutt til open diskusjon og dialog etter kvart føredrag.

Seminaret er gratis, men vi ber likevel om bindande påmelding sidan vi har tenkt å servere ein enkel lunsj. 

Kontakt/påmelding: Jens Haugan, jens.haugan@inn.no, tlf. 911 95 432

Program frå tidlegare nynorskseminar finn ein på: http://www.jenshaugan.com/nynorskseminaret/.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no