Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. FEBRUAR 2018 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Den tospråklege kommunen


Starttid: 28.02.2018 KL: 11:45
Stad: Sunndal
Tilskipar: Sunndal Mållag

Sunndal Mållag i samarbeid med Sunndal kommune inviterer til seminar om språkkultur og språkbruk i kommunane.

Den tospråklege kommunen

Onsdag 28. februar 2018 i Sunndal kulturhus. Registrering frå klokka 11.45 og lunsj klokka 12

Påmelding seinast fredag 24. februar til nils.ulvund@gmail.com  eller 90 02 71 61

Seminaravgift: Kroner 200,- (dekkjer lunsjen), faktura blir sendt etter seminaret.

Programmet startar klokka 12.45 i Keila. Innlagt musikalsk språksprell i programmet.

  1. Opning og seminarleiing ved kultursjef Ole Magne Ansnes

  2. Korleis få den fyrste språkopplæringa til å bli eit godt grunnlag for opplæringa i bokmål og nynorsk på (barne)skulen. Ved Gudrun Kløve Juuhl, Høgskolen i Volda.

  3. Korleis endra praksisen i kommunen bort frå ein språknøytral politikk til ein aktiv tospråkleg kommune. Ved Marit Aakre Tennø.

  4. Språkbruksplan for Sunndal kommune. Ved Ingar Arnøy og Nils Ulvund.

  5. Ulike avdelingar i kommunen blir utfordra i samtale med Ole Magne Ansnes.  

  6. Ordførar Ståle Refstie avrundar.  

  7. Om lag klokka 15.30: Takk for i dag og heimreise.

 

Innleiarane.

Ole Magne Ansnes: Kultursjef i Sunndal kommune, tidlegare redaktør i Driva, har vore medarrangør på fleire seminar om språk.

Marit Aakre Tennø: Politisk rådgjevar i Noregs Mållag, tidlegare leiar i Noregs Mållag, er varaordførar i Luster kommune, har arbeidt mykje med distriktspolitikk i breid meining, som lokalpolitikar, som nærings- og kulturutviklar. Frå Brattvågen på Sunnmøre. 

Gudrun Kløve Juuhl: Fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, inst. for språk og litteratur. Arbeider særleg med nynorskdidaktikk og vilkår for nynorskundervisning i skulen.

Ingar Arnøy: Skulemålsskrivar i Noregs Mållag. Har arbeidt i målrørsla sidan 1987.

Velkomne til ein konstruktiv dag.

Sunndal Mållag ved Nils Ulvund

 



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no