Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Samling for unge vaksne


Starttid: 01.09.2018
Stad: Oslo
Tilskipar: Noregs Mållag

Dette er noko heilt nytt i Mållaget, og vi har hatt det på ynskjelista vår lenge. Vi inviterer unge vaksne målfolk frå 25 til og med 40 år til å kome til Oslo for ha det kjekt i lag, byggje kunnskap og for å drøfte målpolitikk og strategi.

Siste åra har vi fått svært mange nye medlemer i denne aldersgruppa, og vi ynskjer å få endå fleire frå denne målgruppa til å bli aktive og ta verv i Mållaget. Vi inviterer til samling for unge vaksne i Oslo laurdag 1. og sundag 2. september. Målgruppa for denne samlinga er unge vaksne målfolk mellom 25 år og 40 år. Samlinga er ein møteplass for dei som har eit tillitsverv i Mållaget eller kanskje er på nippet til å få det. Samlinga skal vere i Oslo, og dei som er tilreisande, bur på hotell eller hjå målfolk privat. Det vert eit vidt spekter av emne med gode innleiingar, og tid til å drøfte målpolitikk og dagsaktuelle problemstillingar. Ansvarlege for samlinga er nestleiar Jens Kihl og styremedlem Inger Johanne Sæterbakk. Og på laurdagskvelden blir det fest!

Det er gratis reise og overnatting, og 500 kroner i møtepengar. Ynskjer du å vere med eller kjenner du nokon som bør få sjansen? Send e-post til hege.lothe@nm.no. Det er avgrensa tal plassar, så meld interesse raskt.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no