Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Kulturkveld om Vinje


Starttid: 12.09.2018 KL: 19:00
Stad: Oslo
Tilskipar: BUL i Oslo

Den 12. september klokka 19 vert det kulturkveld om Aasmund Olavsson Vinje i Nynorskens hus.

Jon Severud kåserer: Vinje – ein tvisynt europear. Frå Ferdaminne til Bretland og britarne.

Ingerid Louise Birkeland og Vegar Sandholt framfører songar av Aasmund Olavsson Vinje og Edvard Grieg.

Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i 1818, og i år er det difor 200-årshøgtid for denne diktaren, journalisten og målmannen. Vinje var ein av dei fyrste til å ta i bruk landsmålet, og han gav ut bladet Dølen frå 1858 fram til han døydde i 1870. Ferdaminne frå sumaren 1860 og dikt som Vaaren og Ved Rundarne er mellom hovudverka til Vinje. 

Diktaren frå Vest-Telemark var ven av Ivar Aasen, og Vinje viste at nynorsken godt kunne brukast praktisk i pressa og lyrikk.

Stad: Teatersalen i Nynorskens hus i Rosenkranz´ gate 8 i Oslo. Fri inngang.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no