Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. APRIL 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialekten i Alver kommune


Starttid: 24.04.2019 KL: 19:00
Stad: Knarvik
Tilskipar: Mållaga i Alver kommune mf

Kulturkontora i Lindås, Meland og Radøy kommunar, Strilabiblioteket og mållaga i Alver arrangerer foredrag om dialekten i Alver kommune 24. april kl. 19.00 på Lindås bibliotek i Knarvik. 

Kva er det som er typisk for dialekten i det som vert Alver kommune? Finst det dialektforskjellar innanfor dette området, og korleis skil me oss frå omliggande område? Korleis har dialekten utvikla seg, og vil me ha ei striledialekt i framtida?

Desse spørsmåla vil Johan Myking, professor på institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, snakka om i dette foredraget. Det vert enkel servering med kaffi og kaffimat.

Gratis inngang.

Alle er velkomne!



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no