Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. JULI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Samling for unge vaksne


Starttid: 21.09.2019 KL: 18:00
Stad: Oslo
Tilskipar: Noregs Mållag

Me inviterer til samling for unge vaksne på skrivarstova på Lilletorget 1 i Oslo laurdag 21. september (klokka 18-22) og  søndag 22. september (klokka 09.30-14).

Målgruppa for denne samlinga er unge vaksne målfolk mellom 25 og 40 år som har tillitsverv i Mållaget, eller kanskje er på nippet til å få det. Det er gratis reise og overnatting, og møtepengane er berre 500 kroner.

Ynskjer du å vere med, eller kjenner du nokon som bør få sjansen? Send e-post til hege.lothe@nm.no. Talet på plassar er avgrensa, så meld interesse raskt.

Fyrste del av seminaret laurdag 21. september er å vere deltakar på dagsseminaret om nytt prinsipprogram for Noregs Mållag. Andre del av programmet ser slik ut:

Laurdag 21. september
18.00 Velkomen til samling for unge vaksne i Noregs Mållag. Presentasjonsrunde.
Ved Peder Lofnes Hauge, nestleiar i Noregs Mållag

18.30 Om å vere ung og fersk i Mållaget. Kva bør Noregs Mållag bli betre på? Erfaringar og gode framlegg. Ved Sigrun Blaavarp, leiar i Numedal Mållag og Erlend Skjetne, leiar i Melhus Mållag

20.00 Middag med festtale ved Kjersti Wøien Håland, manusforfattar for tv-serien «Lovleg» og vinnar av Målprisen 2019

Søndag 22. september:
09.30 Kva kan yrkesmållaga vere for dei unge vaksne nynorskbrukarane?
Ved Eline Bjørke, leiar i Noregs Lærarmållag
Ordskifte.

10.00 Dialektprosjekt i lokale mållag
Ved Sigrun Blaavarp, leiar i Numedal Mållag og Hans Christian Deilhaug* og Gunnar Brekke Amundsen*, styremedlemer i Bø Mållag

10.45 UiB har fått chatboten Hubro for enkel studierettleiing. Kva skal til for å få han på nynorsk?
Ved Signe Nilssen, fungerande studieleiar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i Bergen

11.30 Pause (med noko å bite i)

11.45 Korleis er livet som nynorsk journalist?   
Ved Kathrine Nygård, leiar i Kringkastingsringen

12.15 Kva er ein draumedag for ein nynorsk forlagsredaktør?   
Ved Runa Kvalsund, forlagsredaktør i Samlaget

12.45 Korleis bør ei ny språklov sjå ut?
Ved Fredrik Hope, tilsett i Samlaget
Førebudd kommentar ved Kirsti Lunde, høgskulelektor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet

13.45 Evaluering av unge vaksne-samlinga.
14.00 Avslutning og takk for no! Vi et lunsj saman.

Programleiar for seminaret er Peder Lofnes Hauge.

* Vedkomande har ikkje takka ja enno.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no