Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. JULI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dagsseminar i Oslo


Starttid: 21.09.2019 KL: 11:00
Stad: Oslo
Tilskipar: Noregs Mållag

Mållaget inviterer til tre dagsseminar til hausten: i Oslo laurdag 21. september, i Trondheim laurdag 28. september og i Bergen laurdag 12. oktober.

På seminaret blir det innleiingar om viktige språkpolitiske vegval og høve til å diskutere desse. Dette er ein del av opplegget for å vedta nytt prinsipprogram på landsmøtet i april 2020.  

Dato og tid: laurdag 21. september, klokka 11–17
Stad: Oslo
Pris: 350 kroner inkl. lunsj og kaffi/te. Reise og eventuell overnatting ordnar deltakarane sjølve. 
Påmelding: Send e-post til per.henning@nm.no 

11.00   Velkomen til dagsseminar om prinsipprogram!
Kvifor har landsmøtet vedteke at dei vil ha nytt prinsipprogram, og kva skal dette programmet vera?

Ved Peder Lofnes Hauge, nestleiar i Noregs Mållag

11.20 Kvifor er nynorsk viktig no, og kvifor har det vore viktig før?
Ved Kristin Fridtun, forfattar og medlem i prinsipprogramnemnda
Ordskifte og spørsmål.

12.20   Pause

12.30 Språkleg konkurranse eller språkleg mangfald? 
Dei seinare åra har målrørsla gått meir og meir over til å snakka om og fremja språkleg mangfald i staden for berre nynorsk. Kor langt strekkjer mangfaldstankegangen seg, og kven rommar han?
Ved Svein Soldal Eggerud, nestleiar i Norsk Målungdom og medlem i prinsipprogramkomiteen, og Janne Nygård, administrativt tilsett i Samlaget
Ordskifte.

13.30   Lunsj

14.30 Kva er framtidsutsiktene for norsk språk? Kva bør desse ha å seia for prinsippa og strategien til Noregs Mållag?
Ved Wegard Harsvik, leiar for samfunnskontakt og strategisk arbeid i LO

15.15 Særkrav eller likebehandling? 
Jamstillingsvedtaket opna i si tid for at nynorsk og bokmål skulle stillast likt. Målstriden har difor teke utgangspunkt like rettar. Skal vi halde fram med same krava eller fremja særkrav for nynorsken?
Ved Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar i Noregs Mållag

15.35   Gruppearbeid
16.00   Felles ordskifte           
17.00   Slutt

Programleiar for dagen: Peder Lofnes Hauge

Frå klokka 18.00 blir det samling for unge vaksne på skrivarstova på Lilletorget 1. Samlinga  held fram på søndag.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no