Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dagsseminar i Trondheim


Starttid: 28.09.2019 KL: 10:00
Stad: Trondheim
Tilskipar: Noregs Mållag med fleire

Mållaget inviterer til tre dagsseminar til hausten: i Oslo laurdag 21. september, i Trondheim laurdag 28. september og i Bergen laurdag 12. oktober.

På seminaret blir det innleiingar om viktige språkpolitiske vegval og høve til å diskutere desse. Dette er ein del av opplegget for å vedta nytt prinsipprogram på landsmøtet i april 2020.  

Dagsseminar i Trondheim
Dato og tid: laurdag 28. september frå kl. 10 til 16.30 (inkl. tid til lunsj)
Stad: Stammen Café, Kongens gate 55 i Trondheim
Pris: 350 kroner inkl. lunsj og kaffi/te. Reise og eventuell overnatting betalar og ordnar deltakarane sjølve.
Påmelding: Send e-post til per.arntsen@nm.no
Påmeldingsfrist: 16. september! 

10.00   Velkomen til dagsseminar om prinsipprogram!
Kvifor har landsmøtet vedteke at dei vil ha nytt prinsipprogram, og kva skal dette programmet vere?

Ved Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem og leiar av prinsipprogramnemnda

10.20 Kvifor er nynorsk viktig no, og kvifor har det vore viktig før?
Ved Kristin Fridtun, forfattar og medlem i prinsipprogramnemnda
Ordskifte og spørsmål.

11.15   Pause

11.30   Kor går grensene for språkpolitikken til Noregs Mållag? Kva skal Mållaget meine noko om, og kva skal vi ikkje meine noko om?
Ved Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre og medlem i prinsipprogramnemnda, og Vidar Lund, kasserar i Trønderlaget  
Ordskifte.

12.30   Lunsj

13.30   Korleis skal norsk møta utfordringane frå engelsk? Er det vår kamp?
Ved Knut Alfredsen, professor ved Institutt for bygg- og miljøteknikk  ved NTNU

14.30 Er nynorsken eit individuelt eller kollektivt val? Mine erfaringar som innspel i ordskiftet om nytt prinsipprogram i Noregs Mållag.
Ved Hanne Siri Sund, seksjonssjef for forskingsseksjonen ved Det humanistiske fakultetet 
Ordskifte.

15.00   Gruppearbeid
15.30   Felles ordskifte
16.30   Slutt

Programleiar gjennom dagen: Inger Johanne Sæterbakk.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no