Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. JULI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dagsseminar i Bergen


Starttid: 12.10.2019 KL: 11:00
Stad: Bergen
Tilskipar: Noregs Mållag

Mållaget inviterer til tre dagsseminar til hausten: i Oslo laurdag 21. september, i Trondheim laurdag 28. september og i Bergen laurdag 12. oktober.

På seminaret blir det innleiingar om viktige språkpolitiske vegval og høve til å diskutere desse. Dette er ein del av opplegget for å vedta nytt prinsipprogram på landsmøtet i april 2020.  

Dagsseminar i Bergen
Dato og tid: laurdag 12. oktober klokka 11 til 17 (inkl. tid til lunsj)
Stad: møterom i Kulturhuset Gimle, Kong Oscarsgate 18 
Pris: 350 kroner inkl. lunsj og kaffi/te. Reise og eventuell overnatting ordnar deltakarane sjølve.
Påmelding: Send e-post til per.henning@nm.no 
 

11.00   Velkomen til dagsseminar om prinsipprogram!
Kvifor har landsmøtet vedteke at dei vil ha nytt prinsipprogram, og kva skal dette programmet vere?

Ved Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

11.20 Kvifor er nynorsk viktig no, og kvifor har det vore viktig før?
Ved Trond Trosterud, medlem i prinsipprogramnemnda og professor ved Institutt for kultur og språkvitenskap, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Ordskifte og spørsmål.

12.20   Pause

12.30 Kva skal til for at ein nynorskbrukar held på nynorsken gjennom livet?
Ved Else Berit Hattaland, leiar i Klepp Mållag og medlem i prinsipprogramnemnda, og Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom

13.30   Lunsj

14.30  Kva bør dialektene ha å seie for nynorsken? Og kva har det å seie for prinsipprogrammet til Noregs Mållag?
Ved Margunn Rauset, forskar og hovudredaktør for revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka

15.00 Skal vi gå inn for ein strategi der nynorsken blir eit minoritetsspråk med dei same rettane som andre minoritetsspråk, eller skal vi arbeide for ei reell språkleg likestilling mellom bokmål og nynorsk?
Ved Hege Myklebust*, fyrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og leiar i Stord Mållag, Sigve Gramstad* og Trond Trosterud.

16.00   Gruppearbeid
16.20   Felles ordskifte
17.30   Slutt

Programleiar for dagen: Peder Lofnes Hauge

Eit samla styre i Noregs Mållag blir med på dette dagsseminaret. Styret har styremøte i Bergen frå fredag 11. til søndag 13. oktober.

* Vedkomande har ikkje takka ja enno.

 



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no