Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskseminaret: Nynorsk i skolane og i lærarutdanninga


Starttid: 27.09.2019 KL: 10:00
Stad: Hamar
Tilskipar: Høgskulen / Mållaget

8. seminar for studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte.
Fredag 27. september 2019, kl. 10-15, auditorium 4, Høgskolen i Innlandet, studiestad Hamar

Forskingsdagane – Nynorskens miljøklemme
Det er ei stor glede å kunne invitere til det åttande nynorskseminaret på Hamar. Tradisjonen tru er haustseminaret knytt til Forskingsdagane, som i 2019 har temaet "miljøklemma". Nynorskseminaret har som mål å presentere både forsking og konkrete erfaringar frå praksisfeltet frå dei ulike skoleslaga og frå lærarutdanninga. Ein vil også få tips om litteratur og undervisningsopplegg. Seminaret rettar seg mot studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. Det vil vere 10 minutt til open diskusjon og dialog etter kvart føredrag, og det blir gjerne veldig koseleg i pausane med fagprat og erfaringsdeling – og nye kontaktar.

Les programmet: Nettstad: http://www.jenshaugan.com/nynorskseminaret/

Seminaret er gratis, men vi ber likevel om bindande påmelding sidan vi har tenkt å servere ein enkel lunsj.

Kontakt/påmelding: Jens Haugan, jens.haugan@inn.no, tlf. 911 95 432.

Tilskipar: Høgskolen i Innlandet og Hamar dialekt- og mållag



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no