Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk motivasjonsdag for lærarar


Starttid: 16.10.2019 KL: 10:00
Stad: Oslo
Tilskipar: Fylkesmållaget Vikværingen m fl

Nynorsk motivasjonsdag på Det Norske Teatret onsdag 16. oktober kl. 14.00–17.00

Underviser du på mellomsteget eller i ungdomsskulen? Vil du få inspirasjon til å undervisa betre og læra meir om nynorsken og bakgrunnen for målet? Vil du møta menneske som brenn for god språkundervisning? Då er motivasjonsdagen noko for deg!

14.00–14.10 Velkomen! ved byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo Inga Marte Thorkildsen

14.10–14.45 To sidestilte målformer? Kva om ein ønskjer å byte hovudmål? Demokrati og medborgarskap i klasserommet, ved dosent Jens Haugan og lektorstudent Silje Nathalie Luvåsen, begge frå Høgskolen i Innlandet / Hamar dialekt- og mållag

14.45–15.20 Tidleg start med sidemål i barneskulen, ved adjunkt Elin Heggelund Ljungquist frå Vennersborg skole på Kongsvinger

15.20–15.40 Forfattar Ragnar Hovland fortel om bøkene sine

15.40–16.00 Matpause: Enkel servering

16.00–16.35 Sidemål i ungdomsskulen etter fagfornyinga, ved lærar Ellinor Bergli Bustad frå Skaun ungdomsskole i Trøndelag

16.35–16.40 Det Norske Teatret informerer om tilbodet sitt for skulen

16.40–17.00 Den mangfaldige scenen viser ein smakebit frå framsyningane sine

Konferansier: Jens Kihl
Påmelding: nynorsk.er.kult@gmail.com
Frist for påmelding er 10. oktober

Seminaret er gratis
Vel møtt!

Motivasjonsdagen vert skipa til av Bærum Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen, Noregs Lærarmållag og Oslo Mållag. Utdanningsetaten i Oslo kommune er medarrangør. Seminaret har òg fått tilskot frå Noregs Mållag og Bondeungdomslaget i Oslo.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no