Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jon Fosse: Den største norske dramatikaren sidan Ibsen


Starttid: 26.09.2019 KL: 19:00
Stad: Bekkestua
Tilskipar: Bærum Mållag og Bærum bibliotek

Med Lise Fjeldstad og Erik Ulvsby
Bekkestua bibliotek, torsdag 26. september kl. 19.00

 

 

Jon Fosse er i dag den mest spela samtidsdramatikaren i Europa , og den mest omsette med utgivingar på albansk, hebraisk, japansk, farsi, slovensk, tibetansk og over 40 andre språk. Han blir spela på dei store teaterscenene rundt om i heile verda og blir sett opp av eit utal mindre teatergrupper.

 

Med Fosse har norsk dramatikk fått ein plass den ikkje har hatt sidan Ibsen. Det er møtet mellom menneske som dannar kjernen i stykka hans, og det berande er ikkje så mykje ytre handling som språket sjølv, eit melodisk språk med stadige oppattakingar, eit språk som står poesien nær. Og sjølv om Fosse  i dag  er mest kjend som dramatikar,  har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar, ikkje minst lyrikk. av uvanleg høg kvalitet.

 

 

 

 

 

Bærum mållag og Bekkestua bibliotek inviterer torsdag 26. september kl. 19.00 til eit møte om dramatikken og eit møte med lyrikken til Jon Fosse. Lise Fjeldstad, ein av dei fremste tolkarane av Fosse, framfører utvalde dikt. Teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret talar om Jon Fosses veg inn på teaterscena og om posisjonen hans som dramatikar.

 

 

Inngang: 100 kroner inkl. kake og kaffi

Møtet blir arrangert i samarbeid mellom Bærum Mållag 
og Bekkestua bibliotek. 

 

 

Det blir det høve til spørsmål og debatt.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no