Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Åse Wetås: «Norsk språk i dag og i framtida»


Starttid: 12.11.2019 KL: 18:30
Stad: Skien
Tilskipar: Mållaget Dag

Mållaget Dag inviterer til ope møte tysdag 12. november klokka 18.30 på Skien bibliotek:

Direktør i Språkrådet Åse Wetås: «Norsk språk i dag og i framtida».

Som leksikograf og språkvitar har Åse Wetås vore prosjektleiar for Norsk Ordbok, og frå 2015 har ho vore direktør i Språkrådet.

Åse Wetås seier: «Det er mykje som skjer på språkfeltet i Noreg for tida. Kulturdepartementet kjem i haust med framlegg til ei eiga språklov, noko Noreg aldri tidlegare har hatt. Saman med lova legg departementet fram ei språkmelding som skal gjera greie for dei viktigaste innsatsområda for den norske språkpolitikken i åra som kjem. I tillegg arbeider Utdanningsdirektoratet med nye læreplanar i skulen, både opplæringslova og universitets – og høgskolelova er oppe til revisjon. Alt dette er viktig for både framtida til norsk og dei nasjonale minoritetsspråka våre i åra som kjem, og dermed er det sjølvsagt vesentleg for  vilkåra til det nynorske skriftspråket».



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no