Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Haustfest i Asker Mållag


Starttid: 05.11.2019 KL: 19:00
Stad: Asker
Tilskipar: Asker Mållag

Asker Mållag inviterer til haustfest på Asker Museum tysdag 5. november klokka 19.

Anne Joronn Sætre kåserer om far sin bilethoggar Dyre Vaa «telemarking og askerbøring»

Dyre Vaa vaks opp i Kviteseid, men flytte til Rauland tidleg i 1930-åra. Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa den bilethoggaren som i sterkast grad har prega norsk skulpturmiljø. Ingen annan bilethoggar har vunne så mange tevlingar som han. Dyre Vaa gifte seg med Thora Bojer, dotter av forfattaren Johan Bojer. Familien budde og i periodar i Asker. Dyre Vaa debuterte på Haustutstillinga allereie som 22-åring, og vart då kjøpt inn til Nasjonalgalleriet.

Til haustfesten kjem også Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Inngangspengar 50 kr. Gratis inngang for studentar og skuleelevar
Etter foredraget vert det festmåltid: spekemat, god drikke, kaffi og kaker.
Pris for foredraget og festmåltid 200 kroner for medlemmer, andre 250 kr. Studentar og skuleelevar 100 kroner.

Påmelding til festmåltid innan 3. november på e-post/telefon til:
Marit Sandal Mortensen, e-post: maritsandalm@gmail.com mobil 959 42204
Anne Joronn Sætre, e-post: anne.joronn@gmail.com  mobil  922 68 333
Gunnstein Møllen Uleberg, e-post: gumollen@gmail.com   mobil  928 63 462



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no