Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Edvard Hoem og Ine Hoem til Sunndalsøra


Starttid: 17.12.2019 KL: 19:00
Stad: Sunndalsøra
Tilskipar: Sunndal Mållag

Sunndal Mållag feirar i år 100 år og ønskjer å markere dette med å gje sunndalingane ei førjulsoppleving som sett nynorsk litteratur og song i sentrum.

Edvard Hoem og dottera Ine kjem til Sunndal kulturhus den 17. desember og held ein heilt spesiell julekonsert.

Edvard Hoem (f.1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært aktiv som romanforfattar, dramatikar, Shakespeare-omsettar og salmediktar. Mellom 2009 og 2013 gav han ut ein stor Bjørnson-biografi i fire band. I 2014 gav han ut første band av ein slektskrønike som går føre seg på begge sider av Atlanteren: Slåttekar i himmelen. Denne boka og dei følgjande, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har eit samla opplag på 350 000. Romanen Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren kom ut i fjor og  fekk strålande kritikkar.

Ine Hoem har dei siste åra markert seg som ei av dei finaste stemmene i Noreg. Gjennombrotet hennar kom med albumet Angerville og singelen This Year som har over 4 millionar avspelingar på Spotify. Låta fekk mykje speletid i norsk radio og figurerte også i den amerikanske TV-serien Degrassi. I 2017 kom oppfølgjaren Moonbird produsert i samarbeid med Tobias Fröberg (som også samarbeider med Ane Brun og Bjørn  Eidsvåg). I kjølvatnet turnerte Ine Hoem som support for Veronica Maggio og spela på ei mengde klubbkonsertar  og festivalar i Noreg.

I januar 2020 kjem det første albumet hennar på norsk: Hundre dager, ei utgjeving i moderne singer-songwriter-tradisjonen med sjølvskrivne tekster på norsk.

På konserten på kulturhuset i Sunndal vil Edvard Hoem lesa frå Liv andre har levd og Jordmor på jorda. Ine Hoem syng nokre av dei finaste salmane til Edvard Hoem, salmar som høver i førjulstida, ikkje minst ei gjendiktning av O signa natt (O helga natt).  Ine Hoem vil også spela nokre av sine eigne songar.   

Velkomen til ein varm og opplevingsrik førjulskonsert!   

 

 

 

 



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no