Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JANUAR 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sylfest Lomheim: Om skilnaden på å skrive skjønnlitteratur og sakprosa


Starttid: 28.01.2020 KL: 19:00
Stad: Kristiansand
Tilskipar: Mållaget i Kristiansand

Mållaget i Kristiansand inviterer til møte tysdag 28. januar klokka 19 i Gyldenløves gate 11 i Kristiansand. Då skal Sylfest Lomheim snakke "Om skilnaden på å skrive skjønnlitteratur
og sakprosa"

Sylfest Lomheim er født i 1945 i Hafslo i Sogn. Han er utdanna filolog og var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han var rektor frå 1987 til 1992. Frå 2004 til 2010 var han direktør i Språkrådet. Han er no professor emeritus ved institutt for nordisk og mediefag ved UiA. Han var språkkonsulent i NRK frå 1980 til 1994, medarbeider i radioprogrammet Språkteigen frå 1990, og ein kan framleis høyre han i dette programmet. Dessutan har han ei språkspalte i Klassekampen kvar onsdag, og i tillegg til dette er han reiseleiar på mange turar i Tema-reiser.

Han har gjeve ut fleire fagbøker, mellom anna «Ord om ord» og «Tale er gull». Siste boka han har skrive, heiter «Andre Samuelsbok», og dette er ei skjønnlitterær bok. Tre laurdagar hausten 2018 las han boka på folkebiblioket I Kristiansand før ho var trykt og utgjeven. No kan også denne boka kjøpast i bokhandelen. På årsmøtet i 2017 vart han vald inn i styret for Mållaget i Kristiansand.



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no