Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JANUAR 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Møte med Brit Bildøen


Starttid: 17.03.2020 KL: 19:00
Stad: Kristiansand
Tilskipar: Mållaget i Kristiansand

Mållaget i Kristiansand inviterer til møte med forfattar Brit Bildøen tysdag 17. mars klokka 19 i Gyldenløves gate 11 i Kristiansand. 

Brit Bildøen skal fortelje om forfattarskapen sin. 

Alle er velkomne!

Brit Bildøen er født i 1964 i Ålesund. Ho vaks opp på Aukra i Møre og Romsdal, og bur no i Oslo. Ho er utdanna bibliotekar (1981–84) og arbeidde ved Kvinnherad folkebibliotek fram til 1989. Ho har studert sosiologi og har vore student ved Skrivekunstakademiet i Bergen (1991). 

No er ho forfattar på heiltid. Ho har òg vore kritikar og omsetjar, konsulent i Det Norske Samlaget sidan 1999 og har vore med på å skipe tidsskriftet Utflukt. Bildøen var styremedlem i Allkunne AS 2014–16 og i Nynorsk kultursentrum 2014–18. Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn. Gjennombrotet kom med romanen Tvillingfeber (1998). Romanen Alt som er (2004) blei hovudbok i Bokklubben Nye Bøker, og det var uvanleg for ein kvinneleg forfattar som skreiv på nynorsk.

I essaysamlinga Litterær salong (2009) er ho oppteken av kvinnene si stilling i litteraturen. I 2011 kom romanen Adam Hiorths veg, om miljøvernaren Jon Utskott, og i 2014 kom romanen Sju dagar i august. For denne romanen fekk ho i 2014 P2-lyttarane sin romanpris. I 2018 fekk ho Nynorsk kulturpris for romanen Tre vegar til havet. (Kjelde: www.Allkunne.no)



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no