Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. FEBRUAR 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Politikk og andre folk. Om mål, moro, makt og avmakt gjennom førti år


Starttid: 18.02.2020 KL: 18:30
Stad: Skien
Tilskipar: Mållaget Dag

Mållaget Dag inviterer til ope møte tysdag 18. februar klokka 18.30 på Skien bibliotek. Dei får besøk av tidlegare journalist Bjørn Bø og han skal snakke om: «Politikk og andre folk. Om mål, moro, makt og avmakt gjennom førti år. Journalist i stort og smått.»

Bjørn Bø starta som NRK-stipendiat i 1976. Han arbeidde i NRK Telemark frå 1977 til 1984 og sidan i Dagsnytt. Frå 1986 til han gjekk av med pensjon i 2013, var han tilsett i politisk avdeling der han også har vore leiar. I ein periode var han NRK sin Stockholm-korrespondent. Han er særleg kjend som politisk kommentator, programleiar for Politisk kvarter og for innsatsen under NRK sine valsendingar heilt frå 1970-talet. 

Bjørn Bø er frå Vinje. I 2005 fekk han Storegut-prisen. Styret i Litteraturdagane i Vinje sa dette om tildelinga: «Som radiomann i mange år, hev han nytta nynorsk på ein måte som kan tene som mønster for alle, ei normalisering som ikkje løyner målføret som ligg i botnen og gjer målet personleg».

I 1997 fekk han Kringkastingsprisen.

Alle er velkomne til møtet på Skien bibliotek, «Brunosten».

Inngong: 100 kroner.    

 



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no