Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. FEBRUAR 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Riksmålsrørsla, nynorskrørsla og Nasjonal Samling under krigen.


Starttid: 19.03.2020 KL: 18:30
Stad: Skien
Tilskipar: Mållaget Dag

Mållaget Dag inviterer til ope møte torsdag 19. mars klokka 18.30 på Skien bibliotek: Forfattar Kjartan Fløgstad: «Riksmålsrørsla, nynorskrørsla og Nasjonal Samling under krigen.»

Kjartan Fløgstad er fødd i Sauda, men no busett i Oslo. Han er diktar, essayist og gjendiktar, og ein av dei mest omtykte og prislønte forfattarane i nyare norsk litteratur. Han debuterte i 1968 med diktsamlinga Valfart og etter mange utgjevingar, kom i 2019 romanen Due og drone.

På møtet i Mållaget Dag vil han ta tak i debatten knytt til pamfletten Brennbart

I band V av Norsk idéhistorie frå 2001 skriv Hans Fredrik Dahl at "Andelen av mål- og norskdomsfolk som sluttet opp om Quisling, var ikke ubetydelig", og at nynorskrørsla difor kom svekka ut or krigen. Dahl fekk støtte av m.a. forfattaren og politikaren Lars Roar Langslet og professor i nordisk språkvitskap Finn-Erik Vinje. 

Fleire andre historikarar og forfattarar - mellom dei Kjartan Fløgstad - tok til motmæle: Dei hevda at Nasjonal Samling både før og under krigen stod veikast i typisk nynorske kjerneområde, og at den organiserte nynorskrørsla i åra 1940-1945 ikkje lét seg nazifisera. Nokre av desse forfattarane hevda at det tvert i mot hadde vore bestemte krinsar innanfor den organiserte riksmålsrørsla som hadde hatt former for samarbeid med Nasjonal Samling under krigen. 

Kjartan Fløgstad deltok aktivt i debatten, og gav i 2004 ut pamfletten Brennbart, der han tek eit oppgjer med påstandane til m.a. Hans Fredrik Dahl, Lars Roar Langslet og Finn-Erik Vinje.

Alle er velkomne til møtet på Skien bibliotek, «Brunosten»!

Inngong kr. 100,-.

 



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no