Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 30. MARS 2020 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskseminar på Hamar


Starttid: 03.04.2020 KL: 10:00
Stad: Hamar
Tilskipar: Høgskulen / Mållaget

Det blir nynorskseminar: Nynorsk i skolane og i lærarutdanninga fredag 3. april på Hamar.  Har du lyst til å dele erfaringar eller presentere forskingsresultat på seminaret, ta kontakt!

Nynorskseminaret har som mål å presentere både forsking og konkrete erfaringar frå praksisfeltet frå dei ulike skoleslaga og frå lærarutdanninga. Ein vil også få tips om litteratur og undervisningsopplegg. Seminaret rettar seg mot studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. Det vil vere 10 minutt til open diskusjon og dialog etter kvart føredrag.

Så langt har det vore eitt seminar om våren og eitt om hausten. Mens vårseminaret er meir ope når det gjeld tema, er haustseminaret knytt til det aktuelle temaet til dei nasjonale forskingsdagane (www.forskningsdagene.no/). I år har forskingsdagane temaet Hjernen. Det tiande Nynorskseminaret blir arrangert fredag 25. september.

Har du forskingsresultat, tankar eller erfaringar du vil dele med deltakarane på eitt av dei kommande nynorskseminara, ta gjerne kontakt allereie no!

Seminaret er gratis, men vi ber likevel om bindande påmelding sidan vi har tenkt å servere ein enkel lunsj.
Kontakt/påmelding: Jens Haugan, jens.haugan@inn.no, tlf. 911 95 432.

I april er det det niande Nynorskseminaret for studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. Det er fredag 3. april 2020, kl. 10-15, auditorium 4, Høgskolen i Innlandet på studiestaden Hamar.

Nettstad: http://www.jenshaugan.com/nynorskseminaret/



Sjå fleire tilskipingar i KALENDEREN
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no