Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bli med i Noregs Mållag!


Nynorsk har ein solid posisjon i Noreg. I dag er det kring ein halv million nordmenn som reknar nynorsk som sitt språk. Noregs Mållag arbeider for at alle skal få kunna bruka nynorsk, og at nynorsk skal kunna brukast når som helst og kvar som helst. Fleire medlemer gjer Noregs Mållag til ein sterkare organisasjon, og det gjev viktige inntekter til målarbeidet.

Kva kostar det?
Det kostar berre 200 kroner for fyrstegongs innmelding. Du vil ikkje få nytt betalingskrav før på nyåret i 2018. Medlemspengekravet varierer frå lokallag til lokallag, stort sett er det mellom 350 og 380 kroner.

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem i Mållaget. 200 kroner vert då lagt til mobilrekninga. Du kan også melde deg inn ved å fylle ut skjemaet under.

Har du ikkje epost-adresse?
Om du eller personen du vil melde inn, ikkje har epost-adresse, skriv inn nm@nm.no i feltet for e-post. Du også ringje oss på skrivarstova og melde deg inn: 23 00 29 30.

Kva lokallag hamnar du i?
Vanlegvis blir nye medlemmer plasserte i det geografisk næraste lokallaget. Dersom du heller ønskjer å vere medlem i eit av yrkesmållaga våre, i eit anna lokallag, eller om du ønskjer å stå som direktemedlem i fylkesmållaget ditt, kan du gi oss melding om dette.

Er du under 26 år?
Er du under 26 år kan du melda deg inn i Norsk Målungdom!


Eg vil melda meg inn i Noregs Mållag!
Eg vil ha meir info om Noregs Mållag.

Førenamn:
Etternamn:
Adresse:
Postnr/stad:
  
E-postadresse:
Mobiltelefon:
Årstal fødd:
Ynskt lokalmållag eller yrkesmållag: (Sjå oversikt her)
Husstandsmedlem *

Sett kryss i boksen for å få epost med nyhende og anna informasjon

Nedanfor er det ein boks du må fylle ut slik at vi kan forsikre oss om at du er eit menneske. Fyll inn dei to orda i det kvite feltet i tekstboksen i det gule feltet.


* Du kan velje "husstandsmedlem" dersom det frå før er ein fullt betalande medlem på same adresse. Prisen vil framleis vere kr 200 det fyrste året, men frå og med året etter er det om lag halv pris av vanleg medlemskap (kr 140 + eventuell fylkeslags- og lokallagssats). Som familiemedlem vil du ikkje få tilsendt Norsk Tidend.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no