norsk tidend

Kampen som aldri tek slutt

TIL STREIK FOR NYNORSKBØKER: I 1971 streika 30.000 elevar ved 112 skular for å få lovfest retten til at lærebøker på nynorsk skal koma samtidig med bokmålsbøkene.

Lærebøkene til nynorskelevane har kome for seint i 50 år, stikk i strid med lovverket. – Vi får ikkje gjort noko annleis, seier forlaga.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Blant dei mest målretta kampane målrørsla nokon gong har ført, er den for likebehandling av lærebøker på nynorsk og bokmål. Kampen har vore strategisk viktig for nynorskfolket, fordi forseinka lærebøker ofte fører til lærebøker på bokmål, med målbyte som resultat. I 1971 streika 30.000 elevar ved 112 skular for å få lovfest retten til at lærebøker på nynorsk skal koma samtidig med bokmålsbøkene. Tre år seinare vart det lovfest at læremiddel skulle koma på bokmål og nynorsk til lik tid og lik pris. Men kampen var langt frå vunnen, og 50 år seinare må nynorskelevane framleis venta lenger på lærebøkene enn bokmålselevane. Ikkje alltid, men ganske ofte.

 – Ei kjensle av at det blir nedprioritert

I år blir det innført nye læreplanar på fleire skuletrinn, og med det følgjer nye og forseinka lærebøker. Norsk Tidend har vore i kontakt med fleire skulebibliotekarar som fortel at dei ventar, særleg på nynorskbøkene. Somme bøker er ikkje annonserte før i oktober.

NEDPRIORITERT: – Elevane får ei kjensle av at nynorsk blir nedprioritert, meiner spesialbibliotekar Astrid Holmefjord ved Kvam vidaregåande skule i Hardanger. Foto: privat

Astrid Holmefjord, spesialbibliotekar ved Kvam vidaregåande skule i Hardanger, er blant dei som ventar. Ho seier problemstillinga med for seine nynorskbøker er velkjend når skulen kjøper inn nye læreverk.

– Situasjonen oppstår ganske ofte. Som regel kjem bøkene etter nokre månader, men i fjor fekk elevane på studieretninga teknologi- og industrifag (TIF) den eine læreboka si to veker før skuleåret var slutt… Lærarane bruker eldre bøker eller andre alternative opplegg i mellomtida, så det blir ein del ekstraarbeid for dei.

Holmefjord fortel at dei seine nynorskbøkene kan gje ulikt utslag på ulike skular.

– Her har vi nesten berre nynorskelevar og prøver difor å unngå å kjøpa inn bokmålsversjonane medan vi ventar. Men på språkblanda skular er det ofte ikkje det som skjer. Kollegaene mine der fortel at nynorskelevane som regel får ei bokmålsbok, med melding om å koma og levera henne og få nynorskversjonen når han er komen. Men i realiteten blir det då ofte til at dei bruker bokmålsboka heile året.

Utgjevingsdatoen som fyrst blir annonsert, blir ofte utsett, seier Holmefjord. Ho meiner uføreseielegheita kan vera krevjande.

– Eg prøver som regel å få digital tilgang til bøkene medan vi ventar, så det blir ein del individuelle avtalar. Å halda styr på både desse og stadig endra leveringstider er ein liten jobb i seg sjølv. I tillegg er det utfordrande for lærarane, som må kasta om på opplegga sine fordi dei plutseleg får vita at boka kjem seinare enn venta.

Det verkar som om det generelt er vanskeleg for forlaga å få ferdig lærebøkene i tide, seier Holmefjord.

– Eg ser jo at bokmålsbøkene ikkje alltid heller er klare til skulestart, så det kan verka som om forlaga har litt dårleg tid på seg.

Situasjonen er ikkje heldig for elevane, meiner Astrid Holmefjord.

– Elevane får fort kjensla av at nynorsk blir nedprioritert. Så eg meiner bøkene skulle ha kome på likt, slik lova seier.

– Vi jobbar så fort vi kan

Skuleeigaren er ansvarleg for ikkje å ta inn lærebøker som ikkje oppfyller krava i lova. Men det er forlaga som gjev ut lærebøker, og dei har såleis stor reell makt.

Ingrid Oos Hove er redaksjonssjef i Gyldendal Undervisning. Ho seier forlaget jobbar så fort dei kan.

SEINE LÆREPLANAR: – Utgangspunktet er alltid at lærebøkene skal vera klare til skulestart, seier Ingrid Oos Hove, redaksjonssjef i Gyldendal Undervisning. Foto: Gyldendal

– Vi har full respekt for at lærebøkene skal koma samtidig på både bokmål og nynorsk, og dette er ein viktig regel. Målet vårt er alltid at begge versjonane skal vera klare til skulestart, og vi greier det i dei fleste tilfelle. Men arbeidet med ei lærebok er ein kompleks prosess med mange involverte, der til dømes sjukdom eller andre uføresette hendingar kan påverka framdrifta. Då kan bøkene bli forseinka.

Hove fortel at nynorskversjonane som regel blir laga etter bokmålsversjonane.

– Dei fleste lærebøker blir skrivne på bokmål og omsette til nynorsk. Det har å gjera med at flest skriv bokmål, og det gjeld også forfattarane våre.

Det er lite tid å vinna på å starta omsetjinga tidleg, meiner Hove.

– I ein lærebokprosess skjer det mange endringar undervegs, og difor er det best å gjera ferdig det eine manuset før ein tek til på omsetjinga. Om ikkje vil det bli mykje dobbeltretting som vil føra til at lærebøkene totalt sett kjem ut seinare.

Hove seier at læreplanane er ein faktor som gjer at det kan vera vanskeleg for forlaga å halda fristane.

– Den politiske behandlinga av læreplanane dreg ofte ut i tid, og dermed kjem dei alltid litt seinare enn vi skulle ønskja. Det gjer at dei ytre faktorane i lærebokproduksjonen blir meir kritiske enn dei hadde vore om læreplanane hadde kome tidlegare.

Sals- og marknadssjef Fredrik Pharo i Cappelen Damm støttar Hove i at seine læreplanar er ei utfordring for forlaga.

– Sjølv om det varierer litt, er læreplanane i ein del tilfelle så seine at det blir vanskeleg for oss å få bøkene ferdige. Så tidlegare læreplanar hadde gjort det lettare for oss å levera til skulestart.

Pharo seier det ikkje er eit alternativ for forlaget å venta med å gje ut bokmålsversjonen når bøkene er forseinka.

– Utgangspunktet vårt er alltid at bøkene skal vera ferdige til skulestart, på både bokmål og nynorsk. Men i dei tilfella det ikkje går, meiner vi det er betre at dei som skal ha bokmålsversjonen, får den i tide, enn at alle elevane må venta.

Økonomisk støtte frå styresmaktene hadde hjelpt forlaga lite, meiner Pharo.

– Eg trur det hadde hatt marginal effekt. Det er ein viss ekstrakostnad for forlaga ved å produsera både bokmåls- og nynorskversjonar av bøkene, men det er ein kostnad vi reknar med og tek i dag. Så med unntak av å få ferdig læreplanane tidlegare, ser eg ikkje heilt kva styresmaktene skal gjera for å betra situasjonen.

– Situasjonen ligg til rette

Statssekretær Anja Johansen (V) i Kunnskapsdepartementet seier lovkravet ligg fast, og at situasjonen ligg til rette for at forlaga kan oppfylla det.

POLITIKAR: Anja Johansen (V) er statssekretær i Kunnskapsdepartementet. Foto: Marte Garmann

– Når elevane ikkje får læremidla sine på det skriftspråket dei har valt, er det eit brot på rettane deira. Eg stussar over argumentet om at det er læreplanane som er for seine.

Læreplanprosessane i samband med fagfornyinga har vore svært opne, og undervegs tok vi jamleg opp problemstillinga om læremiddel på nynorsk med forlaga.

Johansen peikar på at det er skulane sitt ansvar å la vera å kjøpa inn læremiddel som ikkje oppfyller lovkravet.

– Dersom læremidla ikkje kjem i tide, må skulane bruka forbrukarmakta si og la vera å kjøpa dei inn.

– Men dette har jo vore eit problem og ei drivkraft for målbyte frå nynorsk til bokmål i 50 år. Ei ny oppmoding om at skulane skal bruka forbrukarmakta si, kjem vel neppe til å gjera situasjonen stort betre, særleg når vi veit at utgjevingsdatoen for lærebøkene ofte blir utsett undervegs?

– Eg ser at dette er alvorleg for nynorskelevane, som er i ein pressa situasjon frå før av. Med det ferske framlegget til ny opplæringslov har vi samla sett styrkt nynorsken, mellom anna med rett til å gå i eigne nynorskklassar gjennom heile grunnskulen. Dette vil styrkja opplæringa for nynorskelevane og vonleg òg medvitet om rettane deira.