Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. MAI 2013 Information in english


Nyhende Nyhendebrev Nynorskstafetten Sidemål Mållaget meiner Landsmøte 2013 Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Barnehagekampanjen Norsk Tidend Målprisar Krambua Aksjonsmateriell Profilering Servise Bøker Helsingskort Leveringsvilkår Peikarar Klageportalen Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

TIL JUBILANTEN!


Helsingskort med dikt av Ingvar Moe. Plass til å skriva eigne helsningar. Utgjevar: Etne Mållag. Lino-snitt av Jan Terje Rafdal på framsida.

Fire blomar i ei krukke -
ein skal ønskje deg til lukke.
Fire blomar i ei krukke -
ein for alt du var og gjorde.
Ein av blomane frå hagen
kjem med von for morgondagen.
Aller sist, men ikkje minst,
ein er takk for at du finst!
 

TIL BRUDEPARET!


Gratulasjonskort med konvolutt. Lion-snitt av Jan Terje Rafdal og tekst ved Ingvar Moe. Utgjevar er Etne Mållag.

Til Brudeparet!
Ekteskap er to om alt.,
to om bankbok, sukker, salt,
oppvaskbenk og lengt og håp,
fjernsynsskjerm og kjøleskåp,
godlynt drøs, og dumme tretter,
varme bein i kalde netter,
to om siger, to om tap,
Først og fremst er ekteskape
ein å dela natt og dag med
og ein venn å le i lag med.
 

TIL KONFIRMANTEN!


Gratulasjonskort med dikt av Ingvar Moe og plass til å skriva eigne helsingar. Lino-snitt av Jan Terje Rafdal på framsida. Utgjevar: Etne Mållag. Konvolutt følgjer med.

Bakom denne store svingen
på ein ukjend framtidsveg
ventar det kan henda ingen
som kan styra dine steg.
Kva du gjer og kva som hender,
kor du fer og koss det ender -
det er berre opp til deg.
20,00
 
20,00
 
20,00
 

TIL EIN NYFØDD UNGE!


Gratulasjonskort med dikt av Ingvar Moe. Plass til å skriva eigne helsningar. Utgjevar: Etne Mållag. Lino-snitt av Jan Terje Rafdal på framsida.

Gleda er mest altfor stor å bera.
Hei, vesle unge, velkomen til jord!
Ubrukt er livet ditt, opa ligg verda,
ventar, og gler seg til dine spor.
       
20,00
       
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2013
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no