FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Årsmelding 2006

Styret har vore samansett av advokat ved Regjeringsadvokaten Gunnar O. Hæreid (leiar), Oslo, tingrettsdommar Arild Nesdal, Oslo (kasserar), student Solveig Prestegard, Oslo, rådgjevar ved Olje- og energidepartementet Jarand Felland, Oslo, og advokat i Kluge Bente LaForce, Oslo. I tillegg har advokatfullmektigane Jon Vegard Lervåg, Kluge, Oslo og Kari Hangeland Buvik, Haavind og Vislie, Oslo, møtt på styremøte.

Det har vore fire styremøte i perioden.

Den aktiviteten Juristmållaget har brukt mest tid på i 2004 - 2007, har vore å skipa skriveseminar for jusstudentar og ferdige juristar. Seminar vart haldne på Geilo i mars 2005, på Ustaoset i januar 2006 og på Haugastøl i januar 2007. Seminara har vore særs vellukka, og dei har vore ein kveik til vidare mållagsarbeid i juristmiljøet. Medrekna arbeidsgruppa og førelesarar deltok i alt 16 personar på seminaret i 2005, 22 personar i 2006 og 26 personar i 2007. Me har vore så heldige å ha mellom andre høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, professor Kåre Lilleholt og professor Ola Mestad som førelesarar. Som følgje av seminara har me fått ein del nye medlemmer. Sjølv om me har fått ekstern støtte frå gjevarar og deltakarane har betalt avgift, har me diverre gått med frå 9 000 til 3 000 kr i underskot for kvart seminar. Dersom dette held fram, kan me ikkje ha seminar mange år framover.



Juristmållaget har fått i stand ei fadderordning for studentar, som kan venda seg til andre medlemmer i Juristmållaget for både å få språklege råd og for å få privat gjennomgang av oppgåver.



I tillegg har Juristmållaget hatt jamlege sosiale treff i Oslo, mellom anna ein sommarfest på Jonsokhaugen i juni 2006.



Juristmållaget har endeleg, våren 2007, fått ei eiga heimeside, under Noregs Mållag sine sider. Adressa er https://www.nm.no/lag/juristmallaget/ Me vil no prøva å få lagt ut stoff på sida, mellom anna døme på prosesskriv, dommar og liknande på nynorsk, og oversikt over ordbøker og juridisk litteratur på nynorsk.



På årsmøtet i fjor vart det kunngjort at høgsterettsdommar Karl Arne Utgård fekk den første målprisen som Juristmållaget har delt ut. Ved utdelinga vart det laga ei pressemelding som fekk omtale i VG og ei rekkje (andre) lokalaviser.



Juristmållaget er eit viktig ressursmiljø for Noregs Mållag, og det skal laget halde fram med å vera.



Elles har to frå styret delteke på møte med andre yrkesmållag, for å fremja vår plass i Noregs Mållag. Me har også levert fråsegn til høyringa om organisasjonsstrukturen i Noregs Mållag, som vart sydd saman med fråsegner frå andre yrkesmållag.





Per 31.12.2006 var det registrert 70 betalande medlemer, ein framgang på 8 frå året før. Det er per 17.04.2007 registrert 94 medlemer, hittil i år har 69 personar betalt medlemspengane. Desse høge tala har samanheng med at me har fått nye medlemer i samband med Ustaoset-seminaret og blesting av dette, men også med at nokon registrerte medlemer ikkje har betalt medlemspengane.



Den lokale kontingentsatsen i Juristmållaget var i 2006 kr 50 for hovudmedlemer, kr 100 for familiemedlemer og kr 40 for jusstudentar som er medlemer i Norsk Målungdom.



Yrkesmållaga har ein felles representant i Landsrådet i Noregs Mållag. Steinulf Tungesvik frå Juristmållaget hadde vervet fram til 2000, men no er det Landbruksmållaget som har det.



Medlemslista per april 2007 følgjer som wordfil, slik at alle kan sjå kven som ikkje står der, og verva nye medlemmer.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS