På skipingsmøtet vart det vedteke at oppdatering av Norsk landbruksordbok, bind I-II (Det Norske Samlaget, 1979) og utgjeving av den på elektronisk form, skulle vere ei hovudoppgåve for laget.
Mykje tid har gått med til å skaffe pengar til dette arbeidet. Mange potensielle finansieringskjelder er kontakta, men pengane har sete langt inne. Først etter søknader i 3 år, er vi komne så langt med finansieringa at arbeidet kunne setjast i gang (2007).