FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

Gata er ei god norsk form!

 (14.02.2011)

Fleirtalet i Frogner bydelsutval (Høgre og Framstegspartiet) vil byta ut alle gatenamn som endar på -gata med -gaten. Dei ser innføringa av a-endingar som samnorskpolitikk. Gaten er ei form frå riksmål eller konservativt bokmål.

Det finst folk som brukar riksmål til talemål i heile landet, truleg i alle kommunar, og Frogner bydel har venteleg fleire av dei enn andre bydelar og kommunar. Tradisjonelt har riksmålet vori knytt til overklassa og vori sett på som eit statusmål, ikkje minst innanfor akademia og næringsliv. Folk som tek utdaning, serskilt frå Søraustlandet, har lagt av seg dialekten sin og knota riksmål som best dei har kunna. Riksmål kjenner berre to grammatiske kjønn, samkjønn (felleskjønn) og inkjekjønn. Berre éitt norsk folkeleg bymål har samkjønn, grammatisk han- og hokjønn samla, og det er Bergen. Oslo folkemål har tri kjønn, og gata er ei svært so vanleg form å høyra i heile Oslo. Forma gata er ikkje ukjend i Frogner bydel heller, det er ikkje ein riksmålsgetto, men ein bydel med både innfødde og tilflytte folk som brukar tri kjønn når dei talar.

Det er ikkje tilrådeleg å ha to ulike system for namnegjeving innanfor same byen. Heiter det Bøgata på Kampen og Storgata i sentrum, bør det heita Vestheimgata på Frogner. Det høver òg fint med ordlekken -heim-. Hafrsfjordgata og Hjørungavåggata kling òg godt. Private har sjølvsagt høve til å setja opp gaten-skilt på sine hus, som dei òg gjer i Oslo sentrum. I næringslivet er det dessutan vanleg å dyrka riksmålet, og som oftast gjer dei det i so sterk grad at dei forbyd tilsette å skriva nynorsk, som VG og Aftenposten. Korkje mannen i gata (sic!) eller målrørsla har noko sans for slike forbod.

Noregs Lærarmållag tykkjer -gata står på solid norsk grunn, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Oslo bør utan tvil halda fast på denne fine forma, som syner trikjønnssystemet i norsk ålment og i oslomålet serskilt.

Skal det gjerast nokor endring i namneskikken, bør det vera å gå over frå vei til veg. Olav Nygards veg og Morgedalsvegen finst alt i byen vår. Det skulle ikkje vera noko problem, sidan jamvel riksmålsfolk i dag skriv jeg, meg, deg og seg og uttalar dette jej, mej, dej og sej. Bokmålet og riksmålet har alt skrivemåten vegne i uttrykket ”på vegne av”, som dei uttalar ”vejne”, og dessutan ymse ord som tegn, regn, hegn, uttala tejn, rejn og hejn.

Håvard Tangen, leiar i Noregs Lærarmållag

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS