FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

Svar til Titlestad

 (14.02.2011)

I Norsklæraren nr. 2 i år brukar Andreas Titlestad sjølvaste Ivar Aasen i striden mot sidemålsstilen. Det er uhistorisk. Det ligg meir enn 70 år i tid frå då Aasen skreiv notatet sitt (som han heller aldri prenta) til sidemålsstilen vart innførd. I 1907 var Noreg ikkje lenger i union med Sverige. Det galdt å reisa eit eige norsk mål. Det dominerande skriftmålet var framleis dansk. Innføring av grunnleggjande undervisning i nynorsk var ei hovudsak den gongen. Samnorskpolitikken, som Titlestad òg viser til, høyrer til i ein seinare fase.

Norsk røyndom. Sidemålsstilen er ein del av målstoda i Noreg. Fordomane imot nynorsk botnar ofte i skort på kunnskap og mistru til norsk mål og kultur i det heile. Noreg er nissehuva, steinrøysa, utanforlandet som ikkje er med i ”Europa” (les: EU) – og som attpåtil held seg med to skriftmål, bokmål og nynorsk. Striden for nynorsk kan me sjå på som ein del av ein større norsk kulturkamp. Diverre er motkreftene mot oss sterke. Urbanisering, marknadsliberalisme og konformitetspress. Men internasjonalt er det mange land som lever med meir enn eitt mål, og det er ikkje noko problem der. Folk som til vanleg skriv bokmål, tek ikkje skade av å læra nynorsk, dvs. skriva det, tvert imot. Det er ein rikdom og ei utviding av horisonten. Nynorsken er fyrst og fremst eit skriftmål. I NRK og nokre andre stader møter me han òg i tala. Folk ven seg til det. Fordomane til elevane er eit resultat av vane og gruppepress. Det er ukult å lika nynorsk i visse krinsar. Men fleirtalet av dei politiske ungdomsorganisasjonane er for sidemålsstilen. Kva kjem det av? Dei politisk mogne ungdomane ser friare og lèt seg ikkje knebla av vanemeiningar. Norsk mål er ikkje blømande og mangslunge, velklingande, klassisk og heilstøypt utan å gjeva nynorsk rom. Då må målet sitja i fingrane òg. Kva med måljamstelling og nynorsk i stat, fylke og kommunar utan røynleg dugleik i å skriva det? Ja, me sa då at nynorsk var eit skriftmål, ikkje sant? Elevane fortener eit val. Ja visst. Dei skal kunna velja etter å ha lært både bokmål og nynorsk. Dei treng eit grunnlag for å kunna velja. Dei færraste har gjort eit aktivt og gjennomtenkt val før dei tek til å læra å skriva. Kunnskap om nynorsk er òg nyttig for innvandrarborn, som òg bør kvalifisera seg til arbeid i staten, der dugleik i båe målformene er ein føresetnad. Nye landsmenner må ikkje stengjast ute frå den norske røyndomen. I Bjørnson-året skal me hugsa at gamlingen opna striden sin mot landsmålet mange år før nynorsken vart obligatorisk skulefag. Det var nett (i 1899) skipa eit professorat i landsmål ved universitetet, og sannsynleg var det det som eggja honom til strid. Og mykje ligg i det.

Mangfald og ålmenndaning. Ein del av motstandarane mot nynorsken vil ikkje berre skriftleg sidemål til livs. Det er sjølve nynorsken som skal rivast ned. Norsk kultur er tvikløyvd og kjem til å vera det lenge. Lat ikkje dei som vil snevra oss inn og kutta i kunnskapen til elevane, få hegemoniet! Nynorsken er uttrykk for noko eige norsk som me ikkje bør sleppa frå oss. Kunnskap er ei lett byrd å bera. God tame i eitt mål gagnar det andre og gjer det lettare å læra framande mål seinare i livet. Kvifor denne angesten for grammatikk og system som fremjar disiplin og sjølvstendig læring og kunnskapstileigning? Sume spør etter nytta av sidemål. Einøygd nyttefilosofi er i stand til å plukka sund heile fag. Vil me ha straumlineforma yrkesutdaning frå tolvårsalderen i staden? Neppe. Me treng vid og allsidig ålmenndaning. Det er ikkje fårleg, men tvert imot til bate for ungdomen. Kva med å byrja sidemålsopplæringa tidlegare? Kunnskapen må byggja på eit solid og slitesterkt grunnlag. Nynorsken, med sine røter til gamalnorsk, er ein sjølvskriven lut av norsk soga og samtid – og framtid. Med sidemålet møter mange nynorsken for fyrste gong, ei viktig side ved det norske målsamfunnet. Godt grep om nynorsk gjev òg større ordtilfang, som gjer bokmålet til elevane meir saftig og rikt. 3 karakterar gjev norskfaget den statusen det med rette fortener i norsk skule.

Likeverd og jamstelling. Fordomane er dumme og skadelege. Dei legg seg på tverke og sperrar for innsikt og godvilje. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i Volda gjev gode råd og tips til lærarar som slit med motivasjonen. Folk, korkje unge eller gamle, må lata seg fanga av lettkjøpte meiningar på populisttorget. Sume ynskjer ikkje lenger likeverd og jamstelling. Er det meir diskriminering av alle nynorsk-skrivande dei vil ha? VG og Dagbladet forbyd enno nynorsk på redaksjonell plass. Kva meiner til dømes Titlestad om dette? Skal Noreg gjerdast inn i nynorsk- og bokmålsdomene? Den litle skilnaden på bokmål og nynorsk, liten, men synleg og nærverande alltid, er han ikkje til å leva med, kanskje? Kvifor masa med at folk ikkje toler å læra det eine målet? Fordomar er diverre smittsame. Eit æveleg, ustoggande mas mot nynorsk set spor etter seg. Det ser me. Nynorsken treng gode og kunnskapsrike forsvararar. Difor finst Noregs Lærarmållag. Meld deg inn dersom du er samd med oss! Me gjev oss ikkje. Alle i Noreg fortener nynorsken.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS