FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

Kunnskap gjev valfridom

 (09.12.2011)

I eit skriftleg raseriutbrot i Nationen 8. oktober, skildrar Arve Waage det han opplever som eit nynorsk mindretalsdiktatur. Waage byggjer innlegget sitt på ei rekkje røyndomsfjerne påstandar, som ikkje kan stå uimotsagte.

1) Nynorskforkjemparane, som Waage omtaler som ei homogen gruppe, er slett ikkje «motstandere av elevenes rett til selv å velge målform». Tvert om - målrørsla ynskjer å utstyra elevane med ferdigheiter i begge måla, slik at dei sjølve kan velja kva for eit dei vil bruka.

2) Waage har rett i at sidemålet kom inn i gymnaset i 1907 - men kva Mållaget sin føremålsparagraf i 1923 har med saka å gjera, verkar heilt uforståeleg. Korleis Mållaget sin føremålsparagraf kjem til å sjå ut i 2027, er vel ikkje akkurat for arbeidet Mållaget gjer her og no?

3) Motstanden mot sidemålsopplæring «sterkt økende», hevdar Waage, sjølv om den partipolitiske motstanden er ganske stabil. Høgre og Frp er mot, alle dei andre er for, og slik har det vore lenge. Når det gjeld sidemålsmotstand hos folk flest, så viser Waage til ei relativt fersk undersøking der 47 % var usamde i at det er viktig å læra både bokmål og nynorsk. I 1975 var det tilsvarande talet 67 % (jfr. Språkfakta 2010). Er det dette Waage kallar «sterkt økende»?

4) Reglane for språkbruk i offentleg teneste er vedtekne av stortingsfleirtalet. Å kalla dette for «nynorsk mindretallsdiktatur», er såleis ein grov skivebom. For å seia det med Høgre-mannen Torbjørn Røe Isaksen: «Kjernen i de liberale demokratiene er ikke flertallets ubegrensede makt til å styre, men beskyttelsen av mindretallets rettigheter.»

5) Det er korrekt at nokre millionar kvart år går til diverse nynorsktiltak. Men at dette «grovt favoriserer» nynorsken, er mildt sagt misvisande. Kor store pengesummar får vel ikkje diverse bokmålsteater, bokmålsforfattarmuseum og bokmålsforlag årleg? Er det ikkje også slik at staten sponsar dei redaksjonelle nynorskforboda i VG og Dagbladet med mange hundre millionar kroner i året?

Til slutt vil eg minna om at ingen av oss lever i eit språkleg vakuum. Skal du læra språk, eller halda språkkunnskap ved like, må du eksponerast for språket. Dersom staten skulle kutta all nynorskstøtte og alle målsetnader for offentleg nynorskbruk, ville det gjort nynorsken meir utilgjengeleg, også for dei skriv nynorsk frå før. Med andre ord: Det ville vore til skade for den språklege valfridomen, som også Waage sjølv tykkjest å vera tilhengjar av.

Vebjørn Sture
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS