FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Noregs Lærarmållag
E-post: bjorkeline @ hotmail.com

Framsida Nyhende og aktuelt Arbeidsområda våre Undervisningsopplegg Vert medlem Kvifor nynorsk sidemål? Styret Kontakt oss

SPRÅKOPPLÆRING ER IKKJE TORTUR !

 (29.10.2014)

Målrørsla har nyleg halde eit seminar i Drammen om språkopplæring for innvandrarar. Her var det meininga at folk med ulikt syn skulle møte kvarandre og tenkje høgt saman. Seminaret var ikkje meint å skulle vere noko oppbyggjeleg møte for sterkt truande målfolk. Av dei fire innleiarane var det berre ein som høyrde med i målrørsla, og emnet hans var språkopplæringa for samane. Elles hadde vi to svenske innleiarar med høg kompetanse på innvandraropplæring, og ein innleiar frå lokalmiljøet vårt, Nasim Rizvi. Vi visste at ho hadde andre meiningar om dette emnet enn dei vi står for, men det var òg ein viktig grunn til at vi hadde invitert henne. Ho gjorde jobben slik vi hadde tenkt oss, og vi var slik sett godt nøgde. Rett nok reagerte vi på den spissformuleringa ho nytta om at sidemål er tortur for tospråklege. Det er nok mykje vi kan kritisere skulen for, men at språkundervisninga kan bli oppfatta som tortur, er jo ein ganske dryg påstand. Det er nok mange innvandrarar som tenkjer på verre plager enn norsk språkundervisning når dei nyttar det ordet.

 

Litt forenkla kan vi seie at seminaret vårt hadde to føremål. Det eine var å peike på verdien av morsmålsopplæring, og det andre var å vise at god norskopplæring krev innsikt i andre norske

språkvariantar enn dei vi møter rundt Drammen og Oslo. Betre morsmålsopplæring er ikkje berre viktig for at yngre innvandrarar skal kommunisere godt med slekt og vener i det tidlegare

heimlandet. Somme av dei kan òg ha nytte av denne språkkompetansen i jobbsamanheng, og om dei skal utvikle eit betre abstrakt ordtilfang på norsk, er det svært nyttig å kjenne desse

omgrepa på morsmålet sitt òg. Svenske språkforskarar undrar seg over at vi her i landet avsluttar morsmålsopplæringa så vidt tidleg, for der er det brei semje om at det vil måtte hemme språkopplæringa anten det er norsk eller svensk dei skal lære.

 

Ikkje eingong vi målfolk meiner at alle innvandrarar skal lære seg både nynorsk og bokmål,

men ganske mange vil kunne klare det utan spesielt store problem. Det er viktig at vi ikkje undervurderer og stakkarsleggjer folk på ein slik måte at dei ikkje får utnytta det læringspotensialet

dei har. Språkforsking i fleire andre land har vist at dei som får opplæring over lang tid i meir enn

eitt språk, ofte blir flinkare i båe språka og lettare kan lære endå fleire språk. Fleire lingvistar har hevda at den viktigaste grunnen til at nordmenn forstår svensk og dansk betre enn svenskar og

danskar forstår norsk, er tospråksituasjonen og dialektmangfaldet. Vi bør jo også unngå å gje innvandrarar så einsidig norskopplæring at dei får store språkproblem om dei kjem utanom det

sentrale austlandsområdet.

 

Vi målfolk stiller gjerne opp på møte med innvandrarar og drøftar språkopplæringa meir inngåande med dei. Vi veit at det blant innvandrarar akkurat som blant etnisk norske er ulike syn på norskopplæringa, og at slett ikkje alle står for same standpunkta som Framstegspartiet og

Høgre, og som pinleg mange politikarar i Arbeidarpartiet i Buskerud og Oslo har hengt seg på.

 

Gunnar Ottne

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS