FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Nynorsk i Fædrelandsvennen

 (12.01.2019)

Fædrelandsvennen er viktig for Kristiansand og Agder. Difor er det gledeleg å sjå meir nynorsk på prent. Lenge var det avgrensa til lesarinnlegg, men dei vart korkje sensurerte eller omskrivne slik som i nokre Oslo-aviser.

 

I juni 2018 fekk me eit opplivande ordskifte om nynorsk ved UiA. Det vart ein kveik for mange av oss og her spelte Fædrelandsvennen ei viktig rolle:

http://www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand/index.cfm?path=82,312&id=1076

Øystein Moi skriv om sine møte med menneske frå indre Agder. Han har heile tida fokus på objektet, og med sitt fargerike og levande språk løfter han kvardagsheltar fram i ljoset. Det er prisverdig og vert etter mi meining godt lesestoff: 

https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/xRoOLQ/Moi-moter-mennesker-Med-hjartet-pa-rette-staden

I tillegg nyttar ofte Fædrelandsvennen nynorsk når temaet er folkemusikk, Setesdal og dei indre bygder: 

https://www.fvn.no/kultur/i/xRBMLB/-Eg-sit-ikkje-og-glor-pa-meg-sjolv

https://www.fvn.no/kultur/i/P3Jvyz/Folk-tykkjer-det-er-toft-at-eg-driv-med-dette

https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/G17Mpq/Legg-planar-for-over-hundre-vindmoller-i-Setesdal

Dette syner at Fædrelandsvennen kan skriva nynorsk når dei berre vil. Det skal me vere glade og takksame for. Jamvel er det rom for meir. Kystnære tema tapar seg ikkje med meir nynorsk. Det same gjeld politikk, næringsliv, samfunnsliv og økonomi. Det finst ikkje grenser for kva nynorsk kan brukast til. Kronargumentet til målrørsla er at nynorsk er eitt kvalitativt betre språk enn bokmål. Anten du er nynorskbrukar eller ein språkmedveten bokmålsbrukar. Som eit fyrste steg bør det ikkje lenger vere redaksjonelle hinder for at dei som kan og vil skriva nynorsk får lov til det!

Målstriden er ikkje over sjølv om mykje har endra seg. Engelsk breier om seg innan akademia og næringsliv. Ungdom blandar inn mykje engelsk i sitt kvardagsspråk og jamvel som bannord. Svensk er godt kjend for dei fleste, medan dansk er sjeldsynt. Alt for mange som har hatt nynorsk i oppveksten byter til bokmål i vidaregåande. Men det finst òg noko som går andre vegen. Bokmålet er dominerande, men det er ein halv million som krev sjølvmeldinga på nynorsk. Og dei bur over heile landet, ikkje minst langs kysten og i byane. Dag og Tid (11.221) utfordrar Morgenbladet (26.174) som den viktigaste norske vekeavisa (opplag 2017). Fordomane og hatet mot nynorsken er svekkja, men ikkje heilt borte: 

https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/Eorz1G/Spraknoytral-kommune-er-mye-jobb.

Det skal me møte med gode motargument, pågangsmot og godt humør.

(lenkjene til fvn.no føresett ofte abonnement for å lesa heile saka)

Ronny Rognhaugen
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS