FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Mållagsmøte 17. september 2019 med Ronny Rognhaugen: Albert Einstein og lidenskapane - eit utruleg liv i ei uroleg tid

 (22.09.2019)

Ronny gav oss 16 frammøtte ein god oversikt over livet til Einstein. Han tok utgangspunkt i boka til Walter Isaacson: Einstein, hans liv og univers (Cappelen Damm, 2010). Boka er godt skrive og interessant å lese også for oss som ikkje har studert fysikk.

Føredragshaldaren gjekk ikkje så mykje inn på korleis Einstein i 1905 utvikla den spesielle relativitetsteorien og korleis han fram til november 1915 arbeidde intenst med ei avhandling som skulle bevise den generelle relativitetsteorien. Det var meir livet hans og samtida me fekk høyre om.


 

Både mora og faren til Einstein var jødar, og slekta hadde i eit par hundre år vore kjøpmenn i den sørvestlege delen av Tyskland. Albert vart fødd i Ulm i 1879, og foreldra hadde planar om å kalle han Abraham etter farfaren, men kom til at det var «for jødisk». To år seinare vart systera Maria fødd, og ho brukte heile livet kortforma Maja. Dei to var heile livet nært knytte til kvarandre.

Ei oppleving han hadde då han var fire-fem år skulle forandre livet hans og sette djupe spor i vitskapshistoria. Ein dag han var sengeliggande, kom far hans med ei kompassnål. Han vart så opphissa då han undersøkte kor mystisk denne oppførte seg at han skalv og grøssa. Magnetnåla oppførte seg som om ho var påverka av ei skjult kraft og førte til ei undring hos han som varte livet ut.

Omtrent på same tid fekk han også ei gåve av den musikalske mor si. Det var timar i å lære å spele fiolin. I starten var det mykje strev og lite glede, men då han som 15-åring vart kjend med Mozarts sonatar gav det han ei magisk og kjensleladd oppleving av musikk. Heile livet var han oppteken av fiolinspel og hadde med seg fiolinen overalt. Ofte spelte han litt av Mozart i staden for takketalar.

Han kjente motvilje mot alle formar for einsretiing, og han samanlikna lærarane både på barneskule og gymnas med prøyssisk militærdisiplin med lite rom for kreativitet. Alt som 17-åring bad han faren om hjelp til å seie frå seg tysk statsborgarskap og slapp dermed militærtenesta. I Sveits lærte han seg å sigla på innsjøane og det vart ein lidenskap han bar på resten av livet. Tidleg på 1920-talet tenkte han faktisk på å oppgje fysikken og berre sigla i staden.

På Zürich Polytekniske vart han i 1896 kjent med tre år eldre Mileva Maric frå Serbia. Som Einstein hadde ho ein lidenskap for matematikk og naturvitenskap, og med tida vart ho kona hans. Dei hadde to gutar, men forholdet vart etterkvart uuthaldeleg, og Einstein gifte seg i 1919 med syskenbarnet sitt, Elsa.

Frå 1910 vart han i mesteparten av dei neste tiåra nominert til Nobelprisen. Det var så sikkert at han ville få han at han avtalte med Mileva at ho skulle få heile beløpet når han fekk utdelt prisen. Observasjonane i mai 1919 av solformørkinga som var synleg på Principe Island og i Brasil, bekrefta Einsteins relativitetsteori, og han fekk prisen i 1922. Han feira stadfestinga av den generelle relativitetsteorien til Eddington med å kjøpa seg ein ny fiolin.

Einstein femna så breitt og var engasjert på mange område. Han var passifist, humanist, sosialist, sionist, siglar og fiolinist. Han hadde eit deterministisk livssyn. Han meinte at det måtte vere ein overordna filosofi og ei usynleg makt bak det heile.

Til 50-års dagen i 1929 kjøpte venene ein ny seglbåt på 23 fot. Berlin ville gjerne gje honom eit sumarhus ved ein av innsjøane rundt byen. Pga. usemje i bystyret vart det aldri noko av og Einstein kosta sjølv eit sumarhus ved Caputh. I trettiåra vart det stendig vanskelegare å vere jøde i Tyskland, og då han og Elsa var på reise seinhaustes 1932 våga dei ikkje å koma attende. Dei flytta til Princeton i USA og kom aldri attende til Europa. Han døde i 1955.

Etter føredraget vart det opna for spørsmål, og Leiv Storesletten kom med utfyllande opplysingar om ein utruelg intelligent og kreativ vitskapsmann som gjennom arbeidet sitt endra fysikken radikalt.

Einstein fann stor glede i sonatene til Mozart og Bach. Astrid Hulda Johannessen framførte Bachs 3. sonate i C-dur før me sette oss til bords for å avslutte kvelden med litt kaffi og kake. Alltid triveleg med ein prat rundt kaffibordet.

Dessutan var det fint å få fram eit tema frå naturvitenskapens historie på eit mållagsmøte. Det skjer ikkje så ofte!

Sjølve presentasjonen med bilete frå livet til Einstein ligg her.

 

 

Solveig Lima
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS