FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Hundre år med opplæring i to språk

 (22.04.2009)

Av Martin Sjekkeland (Denne artikkelen er frå 2007.)

Den 13. mai i år er det 100 år sidan Stortinget vedtok at alle elevar i vidaregåande skule skal læra å skriva både bokmål og nynorsk. Vedtaket i 1907 blei gjort etter ein hard debatt som varte i tre dagar. Dei to skriftspråka dansk-norsk (seinare bokmål) og landsmål hadde vore offisielt sidestilte sidan 1885. Den første tida etter det berømte ”jamstillingsvedtaket” i 1885 var det likevel lite folk merka til at me nå hadde to sidestilte skriftspråk. Med innføringa av obligatorisk undervisning i landsmål i gymnaset blei tospråksituasjonen konkretisert, og folk fekk gradvis kjenna på kroppen kva det ville seia å ha to offisielt sidestilte målformer.

Språkdebatten i 1907 avspegla politiske og kulturelle motsetnader i folket: By mot land, Austland mot Vestland. Begge sider argumenterte for at eitt språk var målet. Dei viktigaste argumenta for sidemålsstilen var nasjonale – at ordninga var viktig for nasjonalt sjølvstende. Pedagogiske fordelar var også sterkt framme: Opplæring i landsmål ville letta kunnskapsinnlæringa. Dersom ho blei uført på rett måte, ville dette også gje eit betre riksmål.
Motstandarane meinte at sidemålsundervisninga ville ta tid frå andre fag, at denne kunnskapen ikkje hadde nokon nytte i det praktiske livet, og at ordninga ville føra til unødvendige utgifter. Røystinga etter debatten enda med at 62 røysta for og 30 røysta mot forslaget om obligatorisk ”lett stil” i sidemålet.

Mange målfolk såg på sidemålsvedtaket som eit steg mot reell jamstelling av dei to skriftmåla i Noreg. Dei visste at gymnaset (på denne tida) stort sett var ein byskule. Med vedtaket om obligatorisk sidemålsstil blei det kryssa ei grense: Nå var ikkje landsmålet bare eit tilbod til ungdommen i Bygde-Noreg , men det blei eit pålegg overfor den delen av folket som ikkje ønskte å ha noko med det å gjera. Mest heile embetsstanden blei utdanna på gymnaset, og det var klart at ei jamstilling av landsmålet på riksplan kunne det aldri bli noko av så lenge nesten ingen embetsmenn kunne bruka det. Med sidemålsvedtaket var ei ny tid i emning for nynorsken i offentleg styre og stell, meinte målfolka.

Den tverrpolitisk oppnemnde Vogt-komiteen slo i 1966 fast at ein skulle halda på sidemålsundervisninga i vidaregåande skule. I 1969, med Kjell Bondevik som kyrkje- og undervisningsminister, gjekk ein eit steg vidare. Det blei då bestemt at det også skulle vera opplæring i begge målformer dei to siste åra i grunnskulen. På 1960-talet og utover blei ikkje sidemålet sett på som eit så sentralt spørsmål at det blei nemnt i politiske partiprogramma.
Men i 1977 kom det opp på tre program: Krf. og Vestre uttrykte positiv støtte til sidemålet, medan FrP stilte sine representantar fritt med omsyn til skriftleg sidemålsundervisning. Ved valet i 1981 gjekk FrP inn for munnleg sidemålsundervisning på alle steg. Høgre nærma seg gradvis synspunkta til FrP, og gjorde i 1999 framlegg om valfri sidemålsundervisning ividaregåande skule. Inge Lønning (H) hevda i Stortinget at dei to språka var så like at det var vanskeleg å skilja dei frå kvarandre, og at kampen mot engelsken var viktigare enn sidemålet. Framlegget frå Høgre fekk berre liten tilslutnad.

Kristin Clemet ville i stortingsmeldinga ”Kultur for læring” (2004) fjerna sidemålsundervisninga i grunnskulen, og gjera sidemålet til trekkfag i vidaregåande skule. Etter ein lang debatt i Stortinget kom det til eit kompromiss: I grunnskulen skal elevane prøvast i begge målformer til eksamen i 10. klasse (viss dei kjem opp i norsk). I vidaregåande skule blei sidemålet gjort om til trekkfag på linje med mange andre fag. Slik er ordninga i dag (jf. ”Kunnskapsløftet” s. 50). I 2004 godkjende Utdanningsdirektoratet (under Kristin Clemet) ein søknad frå bystyret i Oslo om fritak frå skriftleg sidemålsundervisning for elevar i vidaregåande skule. Tek ein utgangspunkt i eksamensystemet, må ein i dag fastslå at sidemålet held stand i grunnskulen, men er blitt mindre synleg på dei vidaregåande stega.

Argumentasjonen til dei som er mot sidemålet går på at elevane har negative haldningar til nynorsken. Det er greitt nok å lesa nynorsk litteratur, meiner sidemålsmotstandarane, men å måtta læra å skriva nynorsk, er urimeleg! Professor Finn-Erik Vinje har slått lag med motstandarane. Han meiner at nynorskundervisninga tek for mykje tid, og at dette går ut over innlæringa av hovudmålet (bokmål). Heilt frå debatten i 1907 har det også vore framført økonomiske argument mot sidemålet. Det er kostbart å gje undervisning i og å halda eksamen i to målformer, blir det hevda. I same slengen nemner ein også at det er ressurssløsing når statleg materiell må trykkast på begge målformer og når lærebøker i vidaregåande skule må liggja føre på bokmål og nynorsk.

Nynorskfolket vil meina at me må verna om nynorsken fordi dette språket er det eigentlege uttrykket for mykje av det norske i kulturarven vår. Dei vil visa til at språket i eit land må sjåast på som det viktigaste nasjonale uttrykket; i språket ligg mykje av både den nasjonale og den personlege identiteten. Nynorsken er ifølgje nynorsktilhengjarane eit samlande uttrykk for folkemålet og den folkelege kulturen her i landet. Og på nynorsk er det
skapt ein litteratur som i høg grad omhandlar norsk arbeidsliv og folkeliv,levesett og tenkemåte (Vinje, Garborg, Duun, Vesaas o.a.). Obligatorisk sidemålsundervisning er, slik målfolket ser det, ein heilt naturleg konsekvens av den to-språk-situajonen me har her i landet. Det finst elles mange både i nynorskleiren og bokmålsleiren som hevdar at det å ha to skriftmål, er ein fruktbar språkleg situasjon for landet vårt: Me har to rike kulturtradisjonar som kan støtta opp om kvarandre. Å ha to språk gjer at me blir meir språkleg medvitne enn me elles ville ha blitt. Ein god del norsklærarar vil også hevda at nynorsk som sidemål ikkje skader bokmålet, snarare tvert om: Kunnskapar om nynorsk stil og ordlegging kan hjelpa den som skriv bokmål, til å få eit enklare og meir talemålsnært skriftmål.

Mykje kan nok gjerast for å få til ei betre nynorskopplæring, og på dette området blir det nå drive forsøk fleire stader i landet. I desse forsøka skal elevane møta nynorsken i alle fag. Så langt har det kome positive tilbakemeldingar frå forsøka. For eiga rekning legg eg til: For å få elevane motiverte til å læra nynorsk skriftmål, må ein i høgare grad enn nå ta dei med bak dette språket. La dei få greie på kvifor me har to språk her i landet. La dei bli kjende med Ivar Aasens tanke om eit språk for ”allmugen” (les: vanlege folk). La dei få oppdaga at nynorsken byggjer direkte på norsk talemål i grammatikken og ikkje minst i stilen!

Me likar å framheva at me er eit folk med rike kulturtradisjonar, og at me har eit velutvikla demokrati her i landet. På bakgrunn av slike utsegner kan det synast merkeleg at det framleis finst dei som ikkje vil gje nynorsk skriftkultur same vilkåra som dei bokmålet har. Ein må undra seg over at nynorskfolket etter hundre år med sidemålsundervisning framleis må ut og argumentera for at skriftspråket deira skal ha sin rettkomne plass i norsk skule.

Martin Skjekkeland
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS