FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Kva skjer med dialektane våre ? Om skarre-r og "sjøkken, sjole og sjino"

 (16.06.2009)

Av Martin Sjekkeland

Her i landet er det blant folk flest stor interesse for dialektar. Når folk frå ulike delar av landet møtest, vil samtalen lett koma inn på særtrekk i dialekten til den enkelte. Dialektane har høg prestisje, og bruk av dialekt er godtatt på dei fleste samfunnsområda: I skulane, på universiteta, i TV og radio, i poesi og pop-tekstar osb. Endå til på talarstolen i Stortinget er som kjent bruk av dialekt heilt vanleg, noko som også er eit særnorsk fenomen.

Kva er så grunnen til at me nordmenn er så tolerante for språkleg variasjon? Kvifor har dialektane denne prestisjen? Etter mitt syn er det fleire grunnar til at det er slik: Éin grunn ligg i det som me kallar ”nasjonsbygginga” tidleg på 1800-talet. Etter lausrivinga frå Danmark i 1814 var me på jakt etter alt det norske i kulturen vår, i musikken, målarkunsten og i språket. Romantikarane sa: ”Det fremste kjennemerket på ein fri nasjon er språket.” Her i landet var skriftmålet dansk. Me måtte gå til dialektane for å finna det norske språket! I dialektane (”folkemålet”) såg ein ei klar linje til det ”stolte” gammalnorske opphavsmålet.

Ein annan grunn til at dialektbruk er godtatt i det norske samfunnet, ligg i skulesystemet. Utover på 1870-talet var det ein del lærarar som prøvde å få elevane til å tala etter boka, med mønster i det danske skriftmålet. Politikarane våre likte ikkje dette, og Stortinget gjorde i 1878 eit vedtak der det heitte: ”Undervisningen i Almueskolen bør saavidt mulig meddeles paa Børnenes eget Talemaal.” Denne lovfestinga av at elevane skal få bruka
dialekten sin i opplæringssituasjonen, er ganske spesiell i europeisk samanheng, og ho gjeld den dag i dag (og lovteksten har fått ei nyare språkdrakt). Når talemålet til elevane slik er sett i sentrum, så har det ført til at me her i landet ikkje har fått opplæring i eit standardtalemål. Me har sett på språkleg mangfald som heilt naturleg.

Ein tredje grunn til at dialektbruk har blitt ein del av kvardagen vår, ligg i den språklege solidariteten mange har kjent med språket i sitt lokalsamfunn. Å ”knota” (legga om på språket) har vore lite akseptert i småbyen eller bygda der ein har hatt sin oppvekst.

Kva skjer med dei norske dialektane i dagens samfunn? I dei første etterkrigsåra var det fleire fagfolk som spådde ein rask undergang for dialektane ved inngangen til det moderne samfunnet. Men særdraga i talemålet har synt seg å vera meir seigliva enn mange har trudd.
Ein av våre fremste dialektforskarar, Helge Sandøy seier: ”I lydlege og grammatiske særdrag blir ikkje talemålet så sterkt påverka av massemedia og det prestisjesterke skriftmålet – slik det lenge er vorte hevda.” Når dette er sagt, så er det likevel ikkje tvil om at det skjer endringar i dialektane. Samfunnet er i rask utvikling og språket blir påverka av denne utviklinga. Folk flyttar meir enn før, og me kjem alle stadig i kontakt med folk som har ein annan dialekt enn den me sjølve har. TV og radio fører ulike dialektar og språkvariantar inn i stovene våre.

Dagens forsking tyder på at det går mot ei regionalisering av dialektane, dvs. ei utjamning av dialektforskjellar innafor eit avgrensa område, innafor ein region. Forskjellen mellom grannedialektar blir dermed redusert. Dette skjer oftast på ein slik måte at lokale meir ”spesielle” dialekttrekk med ei lita utbreiing forsvinn, medan trekk med ei vidare geografisk utbreiing blir ståande eller spreier seg. Senteret i ein region vil som regel vera ein større eller mindre by, og talemålet i byen vil kunna påverka andre dialektar i området. Som oftast er det folkelege bymålet som spreier seg til områda ikring. Det er altså ikkje ”finspråket” i byen som dominerer utviklinga.

Det er lett å nemna konkrete trekk i dialektane som blir borte eller som er i frammarsj. Eit eksempel på det siste er spreiinga av skarre-r (som blir uttalt bak i munnen). Ein trur at skarre-r oppstod i Paris på 1600-talet. Herifrå spreidde denne r-en seg til byane nordover i Europa, og kom til Kristiansand og Bergen ca. 1800. Fram til langt utpå 1900-talet var skarre-r eit by- og kystfenomen. Men dei siste femti åra denne uttalen av r-en spreidd seg innover på Agder, og nordover langs Vestlandskysten. Og skarre-r er framleis på offensiven.
På Indre Agder er det ikkje uvanleg å høyra at foreldregenerasjonen ”rullar” på r-en, medan barna skarrar. Det er minst to grunnar til at skarre-r tek over. Ein grunn er at det reint artikulatorisk er lettare å få til denne r-en som ligg bak i munnen enn rulle-r, som ligg framme. Den viktigaste grunnen til at skarre-r spreier seg, ligg nok likevel i den påverknadskrafta som finst i by- og tettstadmåla på Agder og Sør-Vestlandet (og som har hatt denne r-en i meir enn hundre år).

Når det skjer konkrete endringar i dialektane, er det som regel lite oppstuss kring dette. Men ei språkendring har den siste tida likevel fått mykje omtale, og ført til hissige diskusjonar
i vide krinsar. Det gjeld tendensen til samanfall av kje- og sje-lyden, eit fenomen me kan observera hos ungdommen i dei fleste større byane våre. Dei unge skil då ikkje mellom kjenne og skjenne, dei seier ”skjenne” for begge orda. Orda kylling og skylling blir begge til ”sjylling”. Ein høyrer uttalen ”sjino”, ”sjede”, ”sjære” og ”sjyss” (for kino, kjede, kjære og kyss) osb. I lesarinnlegg i avisene blir fenomenet kommentert. Mange meiner det her er snakk om forfall i språket, og at det er eit uttrykk for ”slappheit og slendrian”. Nokre hevdar at samanfallet fører til misforståingar og kommunikasjonsbrot. Det heiter at ”lærarar og foreldre må stå saman for å hindra at dette får spreia seg.” Språkforskarane har likevel eit svært avslappa forhold til dette lyd-samanfallet. Dei vil visa til at mange slike samanfall har skjedd opp gjennom språkhistoria utan at språket har blitt dårlegare som kommunikasjonsmiddel. Om kje- og sje-lyden fell saman, vil det bare føra til at ikring 20 ordpar blir likelydande. Samanhengen ordet står i, vil likevel fortelja oss kva for eit ord det er tale om.
Som nemnt er det til vanleg lite oppstuss omkring dialektendring. Når samanfallet av kje- og sje-lyden har fått så mykje merksemd, så er det fordi dette fenomenet skjer i mange av dei største byane våre. Endringa skjer også i søraustlandske talemål, dvs. i dialektar med høg nasjonal prestisje. Språkforskar Arne Torp seier: ”Når det skjer noe med prestisjespråket, da
mener straks mange at dommedag er nær for norsk som eget språk.”

Alle levande språk vil uvikla seg, og det vil stadig skje endringar. Slik er det også med norsk talemål. Men trass i at mykje har skjedd og skjer med dialektane, så fungerer dei framleis fullt og heilt som kommunikasjonsmiddel for dei som bur i dette landet.

Martin Skjekkeland
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS