FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Språk er makt

Martin Skjekkeland har dei siste fire -fem åra hatt ulike artiklar i Fædrelandsvennen om språk. Desse er framleis aktuelle, og me har fått lov å leggje dei ut på heimesida vår.

Gjennom språket vårt formidlar me våre meiningar, tankar og kjensler. Språkpsykologar og språkvitarar vil gå eit steg vidare og hevda at me forstår verda og samfunnet rundt oss gjennom språket, og at språkbruken vår reflekterer holdningane våre til andre menneske og til det sosiale livet rundt oss. Med andre ord: Språket viser vår oppfatting av røyndommen, og
det representerer bestemte perspektiv og verdinormer. Som døme på dette kan me nemna politikarspråket. Politikarane brukar språket som reiskap til å definera verda og til å endra vårt syn på samfunnet. Etter krigen var det omgrep frå planøkonomien som dominerte i politikarspråket. I den ”sosialdemokratiske” planorden ville ein ”gjera noko”, både stort og
lite. I dag, under marknadsøkonomien, vil politikarane helst gje ”rammevilkår” og ”ikkje ta styringa”.

Politikarane brukar språket på sin måte for å setja motstandarane sine i bås, og dei vil ha oss med på denne tankegangen. Kåre Willoch karakteriserte i si tid Arbeidarpartiets budsjettforslag for ”overbudspolitikk”. Han snakka også om ”utgiftspartiene”. Erna Solberg kalla si eiga regjering for ”samarbeidspartiene”, og det mogelege regjeringsalternativet av Ap,
Sp, og SV for ”kaoskameratene”. Ein av taleskrivarane til George W. Bush fann på uttrykket ”ondskapens akse”, eit uttrykk som fekk internasjonalt gjennombrot. Politikarane vil gjerne ha makt over kjenslene våre. Det gjer dei i dag ved å fortelja om sitt privatliv, slik Bjarne Håkon Hansen gjorde i eit intervju med VG i 2002. Han fortalde at han hadde påført borna sine stor
sorg ved at han let arbeidet som politikar gå føre omsorgsoppgåvene som kvilte på han som far. Lars Sponheim fortalde noko liknande, og Kjell Mange Bondevik fortalde om sitt samanbrot. Ord som skal appellera til kjenslene våre, er t.d. demokrati, friheit, human, menneskerettar, verdiskaping, modernisering osv. Same kjensle-funksjonen har negative ord som krig, overgrep, terror, fundamentalisme o.a. Politikaren veit at ordbruken er svært viktig: Statsministeren føretrekk t.d. å bruka ”humanitær aksjon” om vår deltaking i Irak-krigen.

Når det gjeld språk og makt, er det naturleg å nemna at det nå er gått meir enn tretti år sidan psykologen Rolv Mikkel Blakar gav ut boka ”Språk er makt” (1973). Boka har sidan kome ut i seks utgåver. Mange av dei som las Blakars bok på 70-talet, hadde til nå sett på vanleg, friksjonsfri språkbruk som tilnærma nøytral, og språket som ein rettferdig berar av bodskap. Blakar lærte oss at dette ikkje er tilfellet. Han fortalde at dei orda me vel å bruka, ikkje berre viser til noko, men dei vekkjer også assosiasjonar og utløyser kjensler. Eit ord som kan verke nøytralt og uskuldig, kan altså styra tankane våre i bestemte retningar og stimulera visse holdningar, slik me har sett døme på ovanfor. Som eksempel på dette viste Blakar til språk og kjønn. Språket mangla ord som yrkesmann, vaskemann, forkvinne og jomherre. Men me hadde orda yrkeskvinne, vaskekone, formann og jomfru. Blakar var opptatt av å visa at språket kan verka diskriminerande, og då i kvinnenes disfavør. Han peika på to strategiar for å koma bort frå dette. Den eine går ut på å avsløra skjult kjønnsdiskriminering gjennom språket,
og at ein gjer merksam på dette når ein bruker det som kan vera diskriminerande ord. Den andre strategien er ifølgje Blakar å finna språklege nyskapingar som er nøytrale med omsyn til kjønn. Men ein skal vera klar over, hevdar han, at slike nye, kjønnsnøytrale ord kan tilsløra at verkelegheita som dei nye orda blir brukt om, ikkje har forandra seg: Ordet
stortingsrepresentant for stortingsmann forandrar ikkje det faktumet at det sit færre kvinner enn menn på Stortinget, hevdar Blakar.


Språkrådet har dei siste tjue åra arbeid aktivt for å følgja opp likestillinga mellom kjønna på det språklege området. Ein har presisert at offentlege publikasjonar og lærebøker må gjenspegla at både kvinner og menn deltek i samfunnslivet. Språkrådet har sidan 1989 tillate pronomenet ’ho’ som kjønnsnøytralt pronomen: ”Arkitekten bør vera med i byggjeprosessen. Ho kan bidra med faglege råd…” Som følgje av Språkrådets arbeid heiter det i dag helst leiar og tillitsvald, ikkje formann og tillitsmann. Andre kjønnsnøytrale ord er: politibetjent, servitør, sekretær, husøkonom, lærar, sjukepleiar osb. Einskilde mann-ord har bite seg fast i det norske språket. Det heiter meinigmann og ”mannen i gata”. Framleis er det kjønnsmarkerte etterledd i ord som embetsmann, fylkesmann, lagmann, lensmann,
oppsynsmann, riksmeklingsmann, rådmann, sendemann, styrmann, sysselmann, tjenestemann og jordmor. Og det heiter namsmann, skjønnsmann, takstmann og rettens formann.


I forholdet mellom nynorsk og bokmål kan ein også sjå spor av maktkamp. Offisielt har me sidestilling mellom dei to målformene her i landet, men i praksis er dette ikkje alltid tilfellet. Det heiter at lærebøker skal føreliggja samtidig på bokmål og nynorsk, men ofte må nynorskelevane venta på bøkene sine. Når elevar med nynorsk som sidemål har moro av å
retta ”nynorsk ordliste” til ”spynorsk mordliste” seier det ein god del om holdningane til nynorsk, og til brukarane av dette språket. Gunnar Skirbekk fortel at då teaterstykket ”Min kamp”, om Adolf Hitlers unge år i Wien, blei sett opp på Den Nationale Scene i Bergen, stod Hitler fram som nynorsktalande med dialektbakgrunn. Poenget var klart nok, seier Skirbekk:
Hitler var ein latterleg figur, og dette grepet skulle bidra til å stigmatisera han ytterlegare, som ein komisk særling.


I synet på talemål og dialektar kjem det også fram positive og negative vurderingar av visse sosiale grupper. Me kjenner alle til korleis ein i Oslo-revyar har bruka austkantmålet på Kampen og Vålerenga for å karakterisera lågstatusgrupper. Andre døme: For nokre tiår sidan
var det ikkje uvanleg for innflyttarar til byane å oppleva krav om å leggja av seg heimedialekten i jobbsamanheng. Også i dag ser ein døme på at folk som vil ”opp og fram” i livet, skiftar ut lokale talemålsformer med former som er mindre sosialt og geografisk markerte. I mange tilfelle er det dialektane som ligg nær opp til byen i regionen, som blir sosialt stigmatiserte – som lågstatusspråk. I hovudstaden har det vore Toten-målet og målet i
Østfold som har kome dårleg ut, i Bergen strilemålet og i Kristiansand Vennesla-dialekten. På dette området skjer det i dag heldigvis endringar.


Slik kan me halda fram og nemna døme på språkleg undertrykking og språkleg maktbruk. Me kunne også ha henta fram døme på offentleg språkbruk. I skriv frå kommunar og fylkeskommunar møter ein ikkje sjeldan eit språk som er så tungt og innfløkt at mottakaren ikkje klarer å tak i kva som eigentleg blir sagt. Språket speglar då av ei ”ovanfrå-og-ned- holdning” som ikkje er i tråd med god folkeskikk, og som heller ikkje tener demokratiet her i landet.



Martin Skjekkeland
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS