FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. JULI 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Hundre år med Mållaget

 (24.10.2007)

Mållaget i Kristiansand vart skipa 6. september 1900. Skipingsmøtet vart halde på Kongensgate skole, som den gongen var heilt ny. Det vart fort klart for medlemmene i det nyskipa laget at dersom ein skulle få til eit aktivt lagsarbeid, måtte ein skaffe pengar. Tanken om kaffistovedrift dukka då opp, og vegen mellom tanke og handling var ikkje lang. Den kjende målmannen, og seinare lærarskulerektor, Severin Eskeland var ei drivande kraft i arbeidet, og alt i 1906 opna Mållaget den første kaffistova si i Kirkegata, og etter kvart kom det to nye til.

Drifta av kaffistove hadde to føremål. På kaffistova skulle landsfolk i byen kunne møtast i heimleg miljø, og i tillegg kunne drifta skaffe innkome til drift av laget.

Kafédrifta skapte gjennom mange år eit godt økonomisk grunnlag for laget. Laget bygde seg opp kapital samstundes som det løyvde mykje pengar til måltiltak.

Rett etter 2. verdskrigen byrja laget å planlegge nybygg på tomta, Gyldenløves gate 11, ein eigedom som Mållaget skaffa seg alt i 1915. Dette er ei av dei mest sentrale tomtene i Kvadraturen. Etter mykje planleggingsarbeid stod eit kontor- og forretningsbygg i fem høgder ferdig til innflytting til 17. mai 1971. I 2. høgda hadde Mållaget kaffistove og selskapsrom, som også vart nytta til møterom for laget.
Gjennom meir enn 90 år dreiv Mållaget i Kristiansand kaféverksemd, men tidene endrar seg, og det viste seg etter kvart at det var vanskeleg å få drifta til å løne seg, så Mållaget slutta drifta av kafé og selskapslokala i august 2000. Ein epoke i laget si soge var over.

No høvde det seg slik at BUL-Kristiansand var ute etter å selje eigedomen sin i Dronningens gate, og Mållaget måtte finne ein ny måte å nytte lokala i 2. høgda på. Resultatet vart då at BUL kjøpte heile 2. høgda, og Mållaget laga til eit fint og praktisk møterom, kontor og styrerom i 3. høgda. No er eigedomen, Gyldenløvesgate 11, ei sameige mellom Mållaget og BUL, og vi vonar at bygget skal fyllast opp med aktivitetar der det er plass til det beste av bygde- og bykultur.

Oddmund Viken
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS