FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmelding 2009

 (19.02.2010)

Årsmeldinga for 2009:


Sidan siste årsmøte 10. februar 2009 har styret vore samansett slik:
Bjug Åkre leiar på val
Olav Molland nestleiar
Anne Austad varaskrivar (dagleg leiar har vore hovudskrivar)
Øyvind Grov stipendansvarleg
Dag Olav Hagen studieleiar på val
Solveig Lima skulemålsansvarleg på val
Ragnhild Mydland på val

Varafolk valde for eitt år:
1. Hilda Helene Neset Bjarne Lyngstad
2. Svein Slettan Anne Dorthe Tveit

Utsendingar til landsmøtet i Norges Mållag
Bjug Åkre, Øyvind Grov og Olav Molland – dette var fyrste året laget kunne sende så mange som 3 utsendingar (når ein passerer 101 medlemer).

Utsendingar til årsmøtet i Vest-Agder Mållag
Bjug Åkre, Maria Viken, Oddmund Viken, Ragnhild Mydland, Solveig Lima og Dag Olav Hagen

Forretningsutvalet
Olav Molland - leiar
Bjug Åkre, Oddmund Viken og Ragnhild Mydland

Mållagsaktivitet
Det har vore 12 styremøte med 108 saksnummer. Laget har hatt 8 lagsmøte, 6 av desse var opne møte.
13. januar: Dagsrevymedarbeidar Ingvild Bryn gav oss eit innblikk i utfordringane som ein nynorskspråkleg nyheitsopplesar opplever spesielt og kva for problemstillingar Dagsrevyredaksjonen har generelt. Kåseriet hennar heitte ”Nynorsk i alle samanhengar”, men pianospel og song kunne ho òg. Fullt hus.
17. mars: Penelopefilm fortalde om barnevandring på Agder og filmen dei har laga om dette (”Yohan”). Gard Nergaard spela hardingfele under møtet. Fullt hus.
21. april: Normann Liene fortalde om si reise med Den transsibirske jarnbana. Fullt hus.
15. september: Niels Bonde kom inn på kort varsel og tala om årringsprosjekt – i staden for ein brått sjuk Frans-Arne Stylegar, som skulle ha teke føre seg arkeologi på Agder. Interessant historiestoff – synd at berre 9 betalande kom. Marin Stallemo Bakke, ei komande musikarstjerne, hadde musikkinnslaget denne kvelden.
14. oktober: Sammøte med BUL-Kr.sand i BUL-salen, der ”Årets Folkemusikar” Kim André Rysstad underheldt med kveding og Laila Buer Storli med hardingfele. Ein spelemann til, Jon Loe Morkenfrå Røros-traktom, spela fele og gitar. Godt med folk.
17. november: Tove Bakke, omsetjaren av Anna Gavalda-bøkene, heldt kåseriet ”Å kjenne seg heime i språket”. Ho fortalde om korleis ho gjekk fram for å omsetje boka ”Saman er ein mindre aleine” frå fransk til nynorsk. Olaf Moen (kveding og harpeleik), Bente Aasheim (fele) og Borghild Løver (song) stod for musikkinnslaget.
8. desember: Tradisjonelt julemøte berre for medlemer; med pinnekjøt, kålrabistappe og aprikosdessert – laga av ein kokkelerande Olav Molland som vanleg, med hjelp av resten av styret. For andre gong hadde me middagen nede i BUL-salen – og fekk så vidt plass til 51 personar i den eine halvdelen av salen. Etter å ha ete altfor mykje, trekte middagslyden seg attende til Mållagsstova for allsong og song med Olaf Moen (med ymse samsong av dagleg leiar). Aasulv Lande tok utgangspunkt i eit dikt av Tarjei Vesaas og tala om snø og granskog – lite ante han at det skulle gå troll i ord når det galdt snø… Kaffi og kaker høyrde med.

23. august var det museumsdag på Fylkesmuseet. Ragnhild og Solveig las frå nynorske biletbøker for dei borna som kom innom. Mållaget kjøper kvart år inn ein del nynorske biletbøker, som vert lånt ut til skular og barnehagar, eit tiltak som òg vert administrert av Solveig og Ragnhild. Dessutan skipa dei til eit informasjonsmøte for skulebibliotekarane på Mållagsstova den 25. november, der barnebokutstillinga frå Noregs Mållag vart presentert.

Ragnhild og Solveig har saman med Anne òg gjort ei oppussing av styrerommet: måla vindauga kvite, skifta setetrekk, sydd puter og gardin, kjøpt inn lampeskjermar, løparar og kaffibrikker m.m. Olav ordna med restaurering av tre bilete. Den største vedlikehaldskostnaden var likevel skiftinga av taket på Mållagsbygget utvendig – som har lege i 40 år.

Maria Viken vart utnemnd til heidersmedlem under årsmøtet som takk for alt ho har gjort for laget oppigjennom. Frå før har laget Oddmund Viken, Johannes Sandsdalen og Magne J. Mannsåker som heidersmedlemer. Sistnemnde døydde i nov. 2009, 94 år gamal. Svein Slettan disputerte for doktorgrad på UiA den 18. juni -09, og fekk overrekt gratulasjonsbukett av laget. Avhandlinga hans var på nynorsk og handla om maskulinitet i ungdomsromanar, pop og film.

17. april var det Mimrebusamling (landsmøteførebuande samling) på Kleveland i Evje og Hornnes kommune – Øyvind reiste på dette.
26. og 27. september var det haustseminar i Bergen, der Borghild reiste.
6. og 7. november var det haustseminar i Setesdal; med kulturkveld i årestoga på Bygland og seminar i storstoga på Ose. Bjug, Anne og Hilda Helene møtte.

Den nye daglege leiaren (Borghild Løver) har vore i aksjon frå 1. januar med ansvar for kontordrifta dette året, men har hatt særs god hjelp av den tidlegare daglege leiaren (Oddmund
Viken). Odd Søftestad, Birger Poulsen og Ånund Løyland har delt på vaktmeisteroppgåvene. Oddmund Viken har ordna med utleige av Mållagsstova i 2009. Frå 1. januar 2010 er det slutt med å leige ut stova til andre enn medlemene.

Løyvingar, stønader:
Kr 200 000 til organisasjonssatsinga på Agder.
Som tidlegare betaler mållaget abonnement på Norsk Barneblad til fire barneskular i kommunen. Fire skular er medlem i Blåmann Barnebokklubb, der mållaget betaler for bøkene. Sjøstrand skole sa likevel opp abonnementet fordi det vart for mykje å halde styr på! Mållaget betaler òg abonnement for bladet Pirion til 10 barnehagar i området. I tillegg løyvde styret 3.250 kr til innkjøp av 25 nynorskbøker til Songdalen ungdomsskole.
Førre årsmøte gjorde vedtak om å vidareføre pengeløyvinga til eit stipend til journaliststudentar som vil bruke nynorsk i mediearbeidet. Ei eiga nemnd jobbar med dette: Øyvind (leiar), Anne og Olav. Jury: 1 representant frå Mediemållaget (Jon Inge Vikan/Berit Rekve), 1-2 repr. frå medieverksemder i Agder (Kjetil Reite og Sigurd Haugsgjerd), 1 rep. frå NPK/NTB (Karoline Riise Kristiansen) og 2 rep. frå Mållaget i Kr.sand (Anne Austad og Øyvind Grov). I 2009 vart utlysinga gjort i oktober, og det kom inn 4 søknader som for tida er til vurdering av juryen.
Kr 100 000 er sett av til måltiltak. Av dette er det ytt
Kr 10 000 til Dag og Tid (blad- og bokkjøp).
Kr 10 000 til Solveig Eiken til bokutgjevinga ”Fant og skjora blir venner”.
Kr 10 000 til Gjerstad Mållag.
Kr 2 000 til Mediemållaget som skipa til Mediedagane.
Kr 9 850 til Vennesla dialekt- og mållag til salmekveld i Øvrebø kyrkje.
Fordi det i tillegg er gjort ein del løyvingar som anten er komne for seint på året og som difor fyrst vert utbetalt i 2010 eller som faktisk går føre seg eit godt stykke ut i 2010, lyt ein sjå dei to åra 2009 og 2010 i samanheng. Det er difor verd å merke seg desse avsette løyvingane (som per 31. 12. 09 ikkje er utbetalte):
Kr 5 000 til Suldal mållag og Stiftinga Rasmus Løland til konferanse om nynorsk i barnehagar.
Kr 5 000 til Juristmållaget til skriveseminar i nynorsk.
Kr 10 000 til Lindesnes ungdomslag til utgjeving av l00 års jubileumsskrift – dersom denne kjem på nynorsk.
Kr 20 000 til tilskot for inntil 4 lokallag frå agder-regionen som vil reise på landsmøtet.
Kr 50 000 til domkyrkjejubiléet.

Her vil me særskild nemne domkyrkjejubiléet i 2010. Mållaget har vedteke å sponse jubileet med kr 50.000 for at Edvard Hoem, Henning Sommerro og Kirsten Bråten Berg skal delta på nynorsk salmekveld 8. mai 2010. 9. mai skal det vere nynorsk gudsteneste i Domkyrkja der Edvard Hoem skal preike. Til jubileet er det trykt opp ei brosjyre der Mållaget får annonseplass saman med dei andre sponsorane. Kontaktperson er Ragnhild.

Mållaget har også si eiga heimeside som Solveig trutt og jamt fòrar med godt stoff frå ymse lagstilskipingar. På landsmøtet i Noregs Mållag 2009 vart sida halden fram som ei mønsterside. Gå inn på www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand for å sjå!

Lyrikkgruppa hadde 19 samlingar i året som gjekk. Det møtte 12 til 18 lyrikkglade personar på samlingane, der det er triveleg å vere.

Kristiansand og omland målungdom er vorten liva opp att som Agder Målungdom, og har frå desember -09 fått ein eigen bankkonto med 10.000 kr i startkapital (frå Frifond).

Laget hadde 101 betalande medlemer i året som gjekk, dvs. same medlemstal som året før.

Styret

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS