FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmelding 2010

 (17.02.2011)

Årsmelding for 2010

Sidan siste årsmøte 16. februar 2010 har styret vore samansett slik:
Anne Austad leiar på val
Olav Molland nestleiar på val
Svein Slettan varaskrivar (dagleg leiar er hovudskrivar) og stipendnemndmedl., på val
Øyvind Grov stipendansvarleg på val
Dag Olav Hagen studieleiar
Solveig Lima skulemålsansvarleg og heimesideansvarleg
Ragnhild Mydland nynorskarbeid mot barnehagane

Varafolk valde for eitt år:
1. Hilda Helene Neset Leiv Storesletten
2. Bjug Åkre Borghild Løver

Utsendingar til landsmøtet i Norges Mållag
Solveig Lima, Ragnhild Mydland – dette var fyrste året laget kunne sende så mange som 3 utsendingar (når ein passerer 101 medlemer).

Utsendingar til årsmøtet i Vest-Agder Mållag 20. mars 2010
Olav Molland, Oddmund Viken, Ingebjørg Kaasa, Arne Kaasa, Solveig Lima og Svein Slettan.

Forretningsutvalet
Olav Molland - leiar
Anne Austad, Oddmund Viken og Ragnhild Mydland som vara. Dagleg leiar gjekk inn for Oddmund Viken i hausthalvåret.

Sameiget
Val av medlemer til sameiget: Anne Austad, Olav Molland og Oddmund Viken. Dagleg leiar gjekk inn for Viken i hausthalvåret.

Mållagsaktivitet
Det har vore 11 styremøte med 69 saksnummer. Laget har hatt 7 lagsmøte (inkl. årsmøtet), ein salmekveld i domkyrkja og ei nynorsk gudsteneste. 7 av desse tilskipingane var opne møte.
19. januar: Lagsmøte med redaktøren for gatemagasinet Klar; Oddmund Harsvik. Godt besøk.
16. februar: Årsmøte, der leiaren i NM, Håvard Øvregård, møtte, i tillegg til Mållaga på Agder/Vest-Agder Mållag v/leiar Knut Homme (og reiseskrivar B. Løver).
16. mars: Lagsmøte med forfattar Paal-Helge Haugen, som tok føre seg ”Johannes Skar og Gamalt or Sætesdal – mellom folkeminnesamling og romankunst”. Bra besøk.
8. mai: Salmekveld i domkyrkja med forfattar Edvard Hoem, musikar/komponist Henning Sommero og kvedar Kirsten Bråten Berg. Fullt hus.
9. mai: nynorsk gudsteneste i domkyrkja med Edvard Hoem. Kyrkjekaffi på Mållagsstova etterpå – med altfor fullt hus!
14. september: Gabriel Scott-program om Babels tårn med Ernst Håkon Jahr. Musikkinnslag ved Lisa Daland frå musikkhøgskulen. Godt besøkt.
3. november: Sammøte med BUL-Kr.sand i BUL-salen, der Agnes Buen Garnås underheldt med kveding og Per Anders Buen Garnås med hardingfele om Draumkvedet. Godt med folk (mest 90).
16. november: Lagsmøte der Frans Arne Stylegar fortalde om ”Runesteinar og andre tunge ting”. Student Julie Falkevik frå musikkhøgskulen hadde musikkinnslaget og allsongen. Godt besøkt.
8. desember: Tradisjonelt julemøte berre for medlemer; med pinnekjøt, kålrabistappe og aprikosdessert – laga av ein kokkelerande Olav Molland som vanleg, med hjelp av resten av styret. For tredje gong hadde me middagen nede i BUL-salen – og måtte dekkje på til mest 60 personar i den eine halvdelen av salen. Etter å ha ete altfor mykje, trekte middagslyden seg attende til Mållagsstova for allsong og song med Olaf Moen og dagleg leiar, pluss fele med Bente Aasheim. Sigurd Haugsgjerd tok utgangspunkt i framgangen og føremonane til nynorsken, som var som balsam for sjela vår å høyre på! Kaffi og kaker høyrde med.

15. august var det museumsdag på Fylkesmuseet. Ragnhild og Solveig las frå nynorske biletbøker for dei borna som kom innom. Mållaget kjøper kvart år inn ein del nynorske biletbøker, som vert lånt ut til skular og barnehagar, eit tiltak som òg vert administrert av Solveig og Ragnhild. Eit flott oppslag på sistesida i Fevennen i desember viste Solveig med framifrå presentasjon av målsaka.

Vår kjære, kjære heidersmedlem, arbeidsmaur og engasjerte målmann Oddmund Viken døydde diverre den 28. nov. 2010. Han var fødd i 1926, men hadde livsglede og tanke for alt som galdt hus, mål og ikkje minst menneske, ja, mykje meir, og er djupt, djupt sakna. Olav Molland vart utnemnd som heidersmedlem under årsmøtet i februar for det utmerkte arbeidet han har gjort for å sikre ”gard og grunn” for laget vårt. Det er ingen tvil om at det er fruktene av dette arbeidet me no haustar inn. Frå før står desse som heidersmedlemer: Maria Viken, Johannes Sandsdalen og Anne Lise Stensland.

9. april var det Mimrebusamling (landsmøteførebuande samling) på Kleveland i Evje og Hornnes kommune – Solveig, Ragnhild og Olav reiste på dette.
4. og 5. september var det haustseminar i Oslo, der Ragnhild og Anne reiste.
5. og 6. november var det haustseminar i Setesdal; med kulturkveld i årestoga på Bygland og seminar i storstoga på Ose. Øyvind, Anne og Solveig møtte.

Den nye daglege leiaren (Borghild Løver) har halde fram med ansvaret for kontordrifta på 2. året, men har hatt særs god hjelp av den tidlegare daglege leiaren (Oddmund
Viken) i vårhalvåret. Odd Søftestad, Birger Poulsen og Ånund Løyland har delt på vaktmeisteroppgåvene. Frå 1. januar 2010 var det slutt med å leige ut stova til andre enn medlemene. På årsmøtet i den 16. feb. -10, vart dette framlegget frå Oddmund Viken om utleige samrøystes vedteke:
Medlemer i Mållaget i Kristiansand som er med i andre lag eller foreiningar, kan bruke Mållagsstova til kveldsmøte under fylgjande føresetnader:
1.Medlemen har ansvar for tilrettelegging, rydding og reingjering av stove og kjøken etter møteslutt, utan kostnad for mållaget. Lokalet må vere i orden før kl. 11.00 neste dag.
2.Syter for at den leiga som forretningsutvalet fastset, vert sett inn på Mållaget sin husleigekonto.


Av større ting som gjeld huset, kan nemnast at me har fått inn ein ny leigetakar etter Reinertsen i 1.: Kreativ Quilt heiter butikken, og me oppmodar alle våre syinteresserte medlemer til å ta ein tur innom! Vidare har golvet i Mållagsstova vorten slipa og lakka. Så har me hatt innbrot på kontoret, der lyrikklubbens kontantar diverre forsvann, og reiseskrivaren for Mållaga på Agder missa kameraet sitt. Elles har leigekontrakten med GCON vorten oppattforhandla, slik at dei no tek i bruk Mållagsstova til nonsmat på dagtid frå 11-14.

Løyvingar, stønader:
Kr 200 000 til organisasjonssatsinga på Agder.
Som tidlegare betaler mållaget abonnement på Norsk Barneblad til fire barneskular i kommunen: Vågsbygd skole, Karl Johans Minne skole, Sjøstrand skole og Voie skole. Tre skular er medlem i Blåmann Barnebokklubb, der mållaget betaler for bøkene: Lovisenlund skole, Krossen skole og Karuss skole. Mållaget betaler òg abonnement for bladet Pirion til 10 barnehagar i området: Askeladden bh (barnehage), Bergtorasvei bh, Kløvergården bh, Ravnedalen bh, Taremareskogen bh, Tinnstua bh, Voietun bh, Øvre Slettheia bh, Snømyra bh og Eplehagen bh.
Førre årsmøte gjorde vedtak om å vidareføre pengeløyvinga til eit stipend til journaliststudentar som vil bruke nynorsk i mediearbeidet. Ei eiga nemnd jobbar med dette: Øyvind (leiar), Anne og Svein. Jury: 1 representant frå Mediemållaget (Jon Inge Vikan), 1-2 repr. frå medieverksemder i Agder (Kjetil Reite og Sigurd Haugsgjerd – sidan båe var ugilde, var dei ikkje i juryen i år), 1 rep. frå NPK og 2 rep. frå Mållaget i Kr.sand (Svein Slettan og Øyvind Grov). I 2010 vart utlysinga gjort i oktober, og det kom inn 5 søknader. Juryen delte ut 4 stipend for skuleåret 2010/11.
Kr 100 000 er sett av til måltiltak. Av dette er det i 2010 utbetalt:
Kr 15 000 til bok om dialektar av Martin Skjekkeland.
Kr 1000 til Gyland bygdeboknemnd/Flekkefjord Historielag.
Kr. 5 000 til Suldal Mållag
Kr 2 000 til gatemagasinet Klar
Kr 5 000 til juristmållaget, til skriveseminar 29.-31. jan. 2010.
Kr 10 000 til Noregs Mållag.
Kr 15 000 til NMU.
Kr 2 500 til målnemnda i Austegdelaget.
Kr 50 000 til domkyrkjejubiléet.


Her vil me særskild nemne domkyrkjejubiléet i 2010 som me sponsa for at Edvard Hoem, Henning Sommerro og Kirsten Bråten Berg kunne delta på nynorsk salmekveld 8. mai 2010. 9. mai var det nynorsk gudsteneste i Domkyrkja der Edvard Hoem preikte. Han kom opp til kyrkjekaffi på Mållagsstova etterpå, slik som mange andre (det var så fullt som det aldri har vore), og heldt eit strålande innlegg om Bjørnstjerne Bjørnson.Til jubileet vart det trykt opp ein brosjyre der Mållaget fekk lysingsplass saman med dei andre sponsorane. Kontaktperson har vore Ragnhild.

Mållaget har også si eiga heimeside som Solveig trutt og jamt fòrar med godt stoff frå ymse lagstilskipingar. Flott å ha dette ”vindauget mot verda”! Gå inn på www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand for å sjå!

Lyrikkgruppa hadde 16 samlingar i året som gjekk. Det møtte 12 til 20 lyrikkglade personar på samlingane, der det er triveleg å vere.

Studentmållaget i Kristiansand (SmiK) er vorten liva opp att, og deltok på årsmøte i Mållaga på Agder på Hornnes. Dei har fått god hjelp av Svein Slettan og har fått frifondmidlar frå NMU.

Laget hadde 119 betalande medlemer i året som gjekk, dvs. 18 fleire enn året før.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS