FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmelding 2011

 (22.02.2012)


Sidan siste årsmøte 15. februar 2011 har styret vore samansett slik:
Anne Austad leiar på val
Olav Molland nestleiar
Svein Slettan stipendnemndansvarleg
Anne Tone Hageland stipendnemndmedlem
Dag Olav Hagen studieleiar på val
Solveig Lima skulemålsansvarleg, heimesideansvarleg og varaskrivar (dagleg leiar er hovudskrivar) på val
Ragnhild Mydland skulemålsansvarleg på val

Varafolk valde for eitt år:
1. Hilda Helene Neset 2. Leiv Storesletten
1. Bjug Åkre 2. Reidun Vik

Utsendingar til landsmøtet i Norges Mållag
Øyvind Grov, Hilda Helene Neset og Svein Slettan.

Utsendingar til årsmøtet i Vest-Agder Mållag 20. mars 2011
Solveig Lima, Svein Slettan, Dag Olav Hagen, Maria Viken, Åsmund Olaf Undhjem og Gerd B. Mortensen møtte.

Forretningsutvalet
Olav Molland - leiar
Anne Austad
Dagleg leiar (Borghild Løver)
Vara: Dag Olav Hagen

Sameiget
Val av medlemer til sameiget: Anne Austad, Olav Molland og dagleg leiar (Borghild Løver).

Mållagsaktivitet
Det har vore 10 styremøte med til saman 72 saker. Laget har hatt 7 lagsmøte (inkl. årsmøtet) og ei nynorsk gudsteneste. 7 av desse tilskipingane var opne møte.
18. januar: Lagsmøte med konsert med Inger Lise Stulien og Knut Kjetil Møen, med diktopplesing av lyrikkgruppa
15. februar: Årsmøte, og reiseskrivaren i Mållaga på Agder, B. Løver, var til stades.
15. mars: Lagsmøte med Sylfest Lomheim og eit visjonerande føredrag om språkstoda i framtida og/eller fyrste paragrafen til NM.
22. mai: Nynorsk gudsteneste i domkyrkja med Oskar Stein Bjørlykke – kyrkjekaffi i Mållagsstova etterpå.
13. september: Lagsmøte med føredraget ”Norrøn livskunst” av Cornelius Jackhelln.
18. oktober: Lagsmøte med temaet ”Kristiansandkulturen – i historie og språk” – med Inger Johanne og Knut Mæsel (forfattarar av Rusletur-bøkene) og Vibeke Lauritsen (norsklærar).
16. november: Sammøte med BUL-Kr.sand i BUL-salen, der Elsa ”Sprossa” Rønnevig heldt føredrag om bakaromnen.
6. desember: Tradisjonelt julemøte berre for medlemer; med pinnekjøt, kålrabistappe og aprikosdessert – laga av ein kokkelerande Olav Molland som vanleg, med hjelp av resten av styret. For tredje gong hadde me middagen nede i BUL-salen – og denne gong hadde me sett øvre gjestetal til 50. Etter å ha ete altfor mykje, trekte middagslyden seg attende til Mållagsstova for allsong og song med Olaf Moen og dagleg leiar, pluss fele med Bente Aasheim, men aller fyrst vart det gang rundt juletreet, som trioen overraskande hadde fått opp i andre halvdelen av BUL-salen, til stor glede for gjestene. Gunvor Lande heldt lett julekåseri om å vere to- eller fleirspråkleg. Kaffi og kaker høyrde med.

Mållaget kjøper kvart år inn ein del nynorske bøker, som vert lånt ut til skular og barnehagar, eit tiltak som vert administrert av Solveig og Ragnhild, som òg har laga fine, små diktlappar ”Eit dikt til deg frå mållaget” – med dikt av Oskar Stein Bjørlykke.

Heidersmedlemer i laget er Maria Viken, Johannes Sandsdalen, Anne Lise Stensland og Olav Molland.

Medlemer i laget som har hatt verv på fylkes- eller landsplan i året som har gått:
Nestleiar i Vest-Agder Mållag og medlem i arbeidsutvalet der: Anne Austad.
Medlemer i næringslivsprisjuryen for Mållaga på Agder: Anne Tone Hageland og Anne Austad.

1. april var det Mimrebusamling (landsmøteførebuande samling) på Kleveland i Evje og Hornnes kommune – Svein og Øyvind reiste på dette.
I 2011 var haustseminaret til NM og Mållaga på Agder slege saman og vart skipa til på Lista 28.-30. oktober, der desse reiste frå Mållaget i Kr.sand: Svein, Solveig, Anne og Borghild.
Anne Tone, Svein, Anne og Solveig var til stades på eit språkleg Seipseminar 17. og 18. oktober i Åseral, i regi av UiA.


Borghild Løver har vore dagleg leiar med ansvaret for kontordrifta på 3. året. Odd Søftestad og Ånund Løyland har delt på vaktmeisteroppgåvene. Mållagsstova vert ikkje leigd ut til andre enn medlemene, bortsett frå:
Medlemer i Mållaget i Kristiansand som er med i andre lag eller foreiningar, kan bruke Mållagsstova til kveldsmøte under fylgjande føresetnader:
1.Medlemen har ansvar for tilrettelegging, rydding og reingjering av stove og kjøken etter møteslutt, utan kostnad for mållaget. Lokalet må vere i orden før kl. 11.00 neste dag.
2.Syter for at den leiga som forretningsutvalet fastset, vert sett inn på Mållaget sin husleigekonto.
På dagtid mellom 11-14 nyttar GCON Mållagsstova til lønsjpause.

Av større ting som gjeld huset, kan nemnast at det er store endringar på gang – det dreier seg om ny heis, rømingsveg, fjerning av trapp, byte av leigetakarar, endring av organisasjonsform/omorganisering av drifta/laget osb. – alt saman ein ganske ”tung” materie som krev mykje førebuing og innhenting av informasjon. At alle vindauga er skifta i 3., 4. og 5. høgda, er heilt klårt til stor, stor glede for alle i huset, i tillegg til det viktige signalet me som huseigar då sender leigetakarane våre.

Løyvingar, stønader:
Kr 200 000 til organisasjonssatsinga på Agder.
Som tidlegare betaler mållaget abonnement på Norsk Barneblad til fire barneskular i kommunen: Vågsbygd skole, Karl Johans Minne skole, Sjøstrand skole og Voie skole. Tre skular er medlem i Blåmann Barnebokklubb, der mållaget betaler for bøkene: Lovisenlund skole, Krossen skole og Karuss skole. Mållaget betaler òg abonnement for bladet Pirion til 10 barnehagar i området: Askeladden bh (barnehage), Bergtorasvei bh, Kløvergården bh, Ravnedalen bh, Taremareskogen bh, Tinnstua bh, Voietun bh, Øvre Slettheia bh, Snømyra bh og Eplehagen bh.
Førre årsmøte gjorde vedtak om å vidareføre pengeløyvinga til eit stipend til journaliststudentar som vil bruke nynorsk i mediearbeidet. Ei eiga nemnd jobbar med dette i laget: Svein (leiar), Anne og Anne Tone, i tillegg kjem resten av juryen: 1 representant frå Mediemållaget (Jon Inge Vikan), 1-2 repr. frå medieverksemder i Agder (Sigurd Haugsgjerd), 1 rep. frå NPK (Karoline Riise Kristiansen). I 2011 vart utlysinga gjort i oktober, og det kom inn 5 søknader. Juryen delte ut 4 stipend for skuleåret 2011/12.
Kr 80 000 var sett av til måltiltak. Av dette er det i 2011 utbetalt:
Kr 15 000 til Olav Høgetveit for film om Aasmund Olavson Vinje og Ferdaminne
Kr 5 000 til bok om folkeminne som Søgne Mållag og Søgne Historielag samarbeider om
Kr. 5 000 til Valle Mållag
Kr 3 000 til Vennesla Dialekt- og Mållag
Kr 5 000 til juristmållaget, til skriveseminar på Haugastøl
Kr 5 000 til Kvinesdal Mållag
Kr 2 000 til NMU til haustseminaret deira ”Nynorsk framtid”
Kr 2 500 til forprosjekt Setesdal (nynorskprosjekt i barnehagane der)
Kr 4 598 til 100-årsgåve i høve jubileet til BUL-Kr.sand (bilete)

Laget har samarbeid med kyrkja om ei nynorsk gudsteneste med kyrkjekaffi og BUL-Kr.sand om eitt sammøte i året – eit samarbeid til stor glede for alle partar.

Mållaget har også si eiga heimeside som Solveig trutt og jamt fòrar med godt stoff frå ymse lagstilskipingar. Flott å ha dette ”vindauget mot verda”! Gå inn på www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand for å sjå!

Lyrikkgruppa hadde 16 samlingar i året som gjekk. Det møtte 12 til 20 lyrikkglade personar på samlingane, der det er utruleg triveleg å vere – og det dett inn ein og annan ny medlem frå gruppa kvart einaste år. Maria Viken har hovudansvaret for samlingane.

Studentmållaget i Kristiansand (SmiK) deltok på årsmøte i Mållaga på Agder på Hornnes og på landsmøtet til NM i Suldal, men sidan dei fleste vart ferdige med studia i løpet av våren, vart det diverre ingen aktivitet i laget i hausthalvåret.

Laget hadde 119 betalande medlemer i året som gjekk, altså eit nokså stabilt medlemstal.
Styret

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS