FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Protokoll frå årsmøtet 2012 i Mållaget i Kristiansand

 (22.02.2012)


Protokoll frå årsmøte tysdag 21. februar 2012:





25 av lagsmedlemene hadde møtt fram, inkl. styret og reiseskrivaren frå Mållaga på Agder.

Sak 1: Opning med godkjenning av innkalling og sakliste
Leiar Anne Austad ynskte velkomen til årsmøtet.

Sak 2: Val av møtestyrar
Leiv Storesletten vart vald til møtestyrar.

Sak 3: Val av skrivar
Borghild Løver vart vald til møteskrivar.

Sak 4: Val av to til å skrive under møteprotokollen
Årsmøtelyden valde Maria Viken og Bjarne Lyngstad til å skrive under møteprotokollen.

Sak 5: Årsmelding for lagsdrifta
Borghild Løver las opp årsmeldinga, som vart godkjend utan merknader.

Sak 6: Rekneskapen for lagsdrifta
Lagsrekneskapen vart gjennomgått av Borghild Løver.
Revisjonsmeldinga som låg ved, synte at rekneskapen var godkjend. Årsmøtet godkjende rekneskapen.

Sak 7: Årsmelding for forretningsdrifta
Olav Molland las opp årsmeldinga for forretningsdrifta, som er revidert og funnen i orden av ein statsautorisert revisor (Revisjon Sør).
Årsmøtet godkjende årsmeldinga.

Sak 8: Rekneskapen for forretningsdrifta
Olav Molland gjekk gjennom resultat- og jamvektrekneskapen for forretningsdrifta, som er revidert av statsautorisert revisor. Båe vart samrøystes godkjent.

Sak 9: Framlegg til vedtak om ombyggjing
Olav Molland la fram framlegget som låg som årsmøtesak:
Mållaget og BUL går inn for å bygge om 2. høgda til kontorlokale. Dette omfattar fjerning av trappa i kafeen og bygging av ny nødutgang. Vidare skal det skiftast fasadestein i 1. og 2. høgda.
Investeringskostnadane totalt er kostnadsrekna til kr 3 225 000 eks. mva. jfr. notat av 25.11.11.
Desse blir i samsvar med tilråding frå Hodne betalt av sameiget. Vårt forslag er at ein fordelar kostnaden etter brøken 45/55 i staden for brøken 32/68.
BUL kr 1 280 000 pluss mva. kr 320 000 totalt kr 1 600 000
Mållaget (eks. mva) kr 1 883 000
Sum kr 3 483 000
Dette er under føresetnad av at utgifter til ny heis blir kosta av Mållaget eller eventuelt den framtidig selskapsforma.
Årsmøtelyden gjekk samrøystes inn for framlegget.
Sak 10: Budsjett
Borghild Løver greidde ut om budsjettet for laget i 2012, der styret får fullmakt til løyving inntil 80.000 kr til målsak i 2011, og der styret òg får fullmakt til å vidareføre utdeling av inntil 4 journaliststipend, kvart på 10.000 kr for studieåret, i alt kr. 40.000 pluss utlysingskostnader.
Årsmøtet godkjende budsjettet med ovannemnde løyvingar.

Så var det matøkt:
Men fyrst vart Anne Austad utnemnd til ny heidersmedlem i laget, med blome og diplom, til god akklamasjon.
Blautkake med marsipan vart eten mest heilt opp, og kaffi/te høyrde med. Lyrikklubben hadde diktopplesing: Åsmund Unhjem med ”17. mai” av Nordahl Grieg, Anna Vaksvik med ”Eitt” av Olav H. Hauge og Maria Viken med ”Tre prikkar på teien” av Aslaug Ljåstad Lygre og ”Når du vert gamal” av Jakob Sande.
Årsmøtelyden heldt 1 minutt stille over avlidne medlem Gunhild Berntsen.

Sak 11: Val
Leiar for eitt år: Anne Austad
Val av tre styremedlemer for to år: Solveig Lima, Bjug Åkre og Synnøve Skjær.
Val av varamedlemer for eitt år: Leiv Storesletten, Hilda Helene Neset, Åsmund Unhjem og Reidun Vik.
6 utsendingar til fylkesårsmøtet 17. mars på Hornnes: Olav Molland, Solveig Lima, Åsmund Olaf Unhjem, Bjarne og Cally Lyngstad og Maria Viken.
3 utsendingar til NM-landsmøtet i Oslo 27.-29. april: Anne Austad, Svein Slettan, Ragnhild Mydland, med Solveig Lima, Bjug Åkre og Anne Tone Hageland som vara.
Valnemnd: Øyvind Grov, Gerd B. Mortensen og Ragnhild Mydland.
Alle vart samrøystes valde.

Sak 12: Val av revisor for laget og forretningsdrifta
Revisor for forretningsdrifta: Revisjon Sør v/Sigmund Berg (Thorbjørnsen Regnskap fører rekneskapen for forretningsdrifta).
Revisor for laget: Revisjon Sør v/Sigmund Berg (John Seland fører lagsrekneskapen).
Årsmøtelyden gjekk samrøystes inn for føreslegne revisor.

Sak 13: Innkomne framlegg
Det var komen inn to framlegg frå medlem Erlend Bakke.
Årsmøtelyden gjekk samrøystes inn for styret si innstilling på båe.

Anne Austad helste folk vel heim etter at årsmøtet var ferdig kl. 21.00. Men fyrst vart det gjeve blomar til diktopplesarane, valnemndleiar, møteleiar, dagleg leiar, nestleiar og utgåande styremedlemer Ragnhild og Dag Olav.


Ref.: BL


_______________________________ _______________________________
Maria Viken Bjarne Lyngstad


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS