FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Styret for 2013

 (28.02.2013)

Årsmøtet vart halden 26. februar 2013 med 26 medlemer tilstades.
Det vart inga stor endring frå det førre styret, men oppgåvene er litt ulikt fordelt no.
Styret for 2013:
Solveig Lima, leiar (1 år)
Svein Slettan, nestleiar (attval 2 år)
Olav Molland, styremedlem (attval 2 år)
Anne Austad, styremedlem (ny 2 år)
Anne Tone Hageland, styremedlem (attval 1 år)
Bjug Åkre, styremedlem (ikkje på val, 1 år att)
Synnøve Skjær, styrmedlem (ikkje på val, 1 år att)
Dagleg leiar, Borghild Løver, held fram som kasserar
Varamedlemer:
1. vara: Hilda Helene Neset (attval 1 år)
1. vara: Leiv Storesletten (attval 1 år)
2. vara: Reidun Vik (attval 1 år)
2. vara: Åsmund Olaf Undhjem (attval 1 år)


Opprit frå styremøte tysdag 26. feb. 2013

Til stades: Solveig Lima, Anne Austad, Olav Molland, Anne Tone Hageland, Bjug Åkre og Svein Slettan, i tillegg til Borghild Løver. Meldt fråfall: Synnøve Skjær. Leiaren hadde møtestyrarjobben. Vedtak er sette i kursiv.

Saker:
1. Konstituering
Styret konstituerte seg slik:
Val av nestleiar: Svein Slettan.
Val av skrivar: Borghild Løver, med Bjug Åkre som vara.
Val av kassastyrar: Borghild Løver
Val av skulemålsansvarleg: Solveig Lima.
Val av stipendansvarleg: Svein Slettan, med Anne Austad og Anne Tone Hageland som medlemer i stipendnemnda.
Val av medlemer til forretningsutvalet: Leiar Olav Molland, Solveig Lima og dagleg leiar (Borghild Løver), med Svein Slettan som vara.
Val av medlemer til sameiget: Leiaren (Solveig Lima), Olav Molland og dagleg leiar (Borghild Løver).
Vedtak: Styret gjorde ovannemnde konstituering samrøystes.

2. Godkjenning av førre opprit
Det var ingen merknader til førre opprit frå 5. feb. 2013.
Vedtak: Oppritet vart samrøystes godkjent.

3. Opplegget for omframt årsmøte
Leiaren i forretningsutvalet og dagleg leiar kjem fram med eit opplegg for det omframe årsmøtet på neste styremøte.
Vedtak: Teke til vitande.

Styremøtet varte frå 21.00-21.20. Ref.: BL

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS