FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmelding 2012

 (28.02.2013)

Årsmelding 2012

Sidan siste årsmøte 21. februar 2012 har styret vore samansett slik:
Anne Austad leiar
Olav Molland nestleiar
Svein Slettan stipendnemndansvarleg
Anne Tone Hageland stipendnemndmedlem
Bjug Åkre styremedlem
Solveig Lima skulemålsansvarleg, heimesideansvarleg og varaskrivar (dagleg leiar er hovudskrivar)
Synnøve Skjær styremedlem

Varafolk valde for eitt år:
1. Hilda Helene Neset 2. Åsmund Olaf Unhjem
1. Leiv Storesletten 2. Reidun Vik

Utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag
Anne Austad, Svein Slettan og Solveig Lima.

Utsendingar til årsmøtet i Vest-Agder Mållag 17. mars 2012
Solveig Lima, Olav Molland, Maria Viken, Åsmund Olaf Undhjem, Bjarne og Cally Lyngstad møtte.

Forretningsutvalet
Olav Molland - leiar
Anne Austad
Dagleg leiar (Borghild Løver)
Vara: Svein Slettan

Sameiget
Val av medlemer til sameiget: Anne Austad, Olav Molland og dagleg leiar (Borghild Løver).

Mållagsaktivitet
Det har vore 12 styremøte med til saman 72 saker. Laget har hatt 7 lagsmøte (inkl. årsmøtet) og ei nynorsk gudsteneste. 7 av desse tilskipingane var opne møte.
17. januar: Lagsmøte med ”Nordahl Grieg på Sørlandet” og Jostein Andreassen, med felespel av Marin Augusta Stallemo Bakke.
21. februar: Årsmøte, og reiseskrivaren i Mållaga på Agder, B. Løver, var til stades.
20. mars: Lagsmøte med Siv Ringdal og ”Amerikaniseringa av kulturen”. Lista trekkspillklubb spreidde glade tonar.
10. juni: Nynorsk gudsteneste i domkyrkja med Paal-Helge Haugen – kyrkjekaffi i Mållagsstova etterpå.
18. september: Lagsmøte med føredraget ”Ivar Aasens tankar og nynorsken i dag” av Martin Skjekkeland. Johnny Kvaale Bjerk sytte for musikkinnslag.
17. oktober: Sammøte med BUL-Kr.sand i BUL-salen med ”Hulda Garborg-program” – av Arnhild Skre. Spelemannslaget spelte.
13. november: Lagsmøte der Jan Hognestad heldt føredraget ”Musikken i språket. Utviklinga av tonale trekk i norske talemål, med døme frå dialektar på Agder”. Marin Augusta Stallemo Bakke spelte fele.
6. desember: Tradisjonelt julemøte berre for medlemer; med pinnekjøt, kålrabistappe og aprikosdessert – laga av Olav Molland som vanleg, med hjelp av resten av styret. For fjerde gong hadde me middagen nede i BUL-salen – og denne gongen òg hadde me sett øvre gjestetal til 50. Etter å ha ete altfor mykje, trekte middagslyden seg attende til Mållagsstova for allsong og song med Olaf Moen og dagleg leiar, pluss fele med Marius Moen, men aller fyrst vart det gang rundt juletreet. Sturla Ertzeid heldt lett julekåseri om ”Juletradisjonar frå eldre tid”. Kaffi og julekaker høyrde med.

Mållaget kjøper kvart år inn ein del nynorske bøker, som vert lånt ut til skular og barnehagar, eit tiltak som vert administrert av Solveig Lima.

Heidersmedlemer i laget er Maria Viken, Johannes Sandsdalen, Anne Lise Stensland, Olav Molland og Anne Austad.

Medlemer i laget som har hatt verv på fylkes- eller landsplan i året som har gått:
Nestleiar i Vest-Agder Mållag og medlem i arbeidsutvalet der: Anne Austad.
Medlemer i næringslivsprisjuryen for Mållaga på Agder: Anne Tone Hageland og Anne Austad.

I april var det Mimrebusamling (landsmøteførebuande samling) på Kleveland i Evje og Hornnes kommune – Svein Slettan og Solveig Lima reiste på dette.
I 2012 var haustseminaret til NM på Lillehammer i oktober, der Solveig Lima reiste frå Mållaget i Kr.sand.
Haustseminaret til Mållaga på Agder var på Ose, og desse reiste frå Mållaget i Kr.sand:
Hilda Helene Neset, Åsmund Olaf Unhjem og Solveig Lima.

Borghild Løver har vore dagleg leiar med ansvaret for kontordrifta på 4. året. Odd Søftestad og Ånund Løyland har delt på vaktmeisteroppgåvene fram til hausten, så tok Birger Poulsen over oppgåvene til Odd Søftestad, som diverre vart sjuk. Mållagsstova vert ikkje leigd ut til andre enn medlemene, bortsett frå:
Medlemer i Mållaget i Kristiansand som er med i andre lag eller foreiningar, kan bruke Mållagsstova til kveldsmøte under fylgjande føresetnader:
1. Medlemen har ansvar for tilrettelegging, rydding og reingjering av stove og kjøken etter møteslutt, utan kostnad for mållaget. Lokalet må vere i orden før kl. 11.00 neste dag.
2. Syter for at den leiga som forretningsutvalet fastset, vert sett inn på Mållaget sin husleigekonto.
På dagtid mellom 11-14 nyttar GCON Mållagsstova til lønsjpause.

Av større ting som gjeld huset, kan nemnast at det er store endringar på gang – det dreier seg om ny heis, rømingsveg, fjerning av trapp, byte av leigetakarar, endring av organisasjonsform/omorganisering av drifta/laget osb. – alt saman ein ganske ”tung” materie som krev mykje førebuing og innhenting av informasjon. At fasaden har fått heilt ny stein og gesimsen på gata er vorten opplyst med nye ljoskastarar, er heilt klårt til stor, stor glede for alle i huset, i tillegg til det viktige signalet me som huseigar då sender leigetakarane våre.

Løyvingar, stønader:
Kr 200 000 til organisasjonssatsinga på Agder.
Mållaget betaler abonnement på Norsk Barneblad til ein barneskule i kommunen: Sjøstrand skole. Tre skular er medlem i Blåmann Barnebokklubb, der mållaget betaler for bøkene: Lovisenlund skole, Krossen skole og Karuss skole. Mållaget betaler òg abonnement for bladet Pirion til 5 barnehagar i området: Bergtorasvei bh, Tinnstua bh, Kløvergården bh, Ravnedalen bh og Eplehagen bh. I tillegg betaler mållaget abonnement på Dag og Tid for tre vidaregåande skular: Lister (avd. Lyngdal), Tangen og Mediehøgskolen.

Førre årsmøte gjorde vedtak om å vidareføre pengeløyvinga til eitt stipend til journaliststudentar som vil bruke nynorsk i mediearbeidet. Ei eiga nemnd jobbar med dette i laget: Svein Slettan (leiar), Anne Austad og Anne Tone Hageland, i tillegg kjem resten av juryen: 1 representant frå Mediemållaget, 1-2 repr. frå medieverksemder i Agder, 1 rep. frå NPK. I 2012 vart utlysinga gjort i oktober, og det kom inn 5 søknader. Juryen delte ut 1 stipend for skuleåret 2012/13.

Kr 15 000 var sett av til måltiltak i 2012, og dette gjekk til bokprosjekt til Martin Skjekkeland. I høve journaliststipendet er det gått ut 26.272 kr i 2012.

Laget har samarbeid med kyrkjelyden i Domkyrkja om ei nynorsk gudsteneste med kyrkjekaffi. Mållaget har i år som i fjor og i mange år før skipa til sammøte med BUL-Kr.sand ein gong i året. Slikt samarbeid er til stor glede for alle partar.

Mållaget har også si eiga heimeside som Solveig Lima trutt og jamt fòrar med godt stoff frå ymse lagstilskipingar. Flott å ha dette ”vindauget mot verda”! Gå inn på www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand for å sjå!

Lyrikkgruppa hadde 18 samlingar i året som gjekk. Det møtte 12 til 20 lyrikkglade personar på samlingane, der det er utruleg triveleg å vere – og det dett inn ein og annan ny medlem frå gruppa kvart einaste år. Maria Viken har hovudansvaret for samlingane.

Studentmållaget i Kristiansand (SmiK) deltok på årsmøte i Mållaga på Agder på Hornnes, og har eit flott, nyvalt styre som Svein Slettan har teke mykje av initiativet til.

Laget hadde 121 betalande medlemer i året som gjekk, altså ein oppgang.
Styret

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS