FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmøteprotokoll 2013

 (28.02.2013)

MÅLLAGET I KRISTIANSAND

Protokoll frå årsmøte tysdag 26. februar 2013

25 av lagsmedlemene hadde møtt fram, inkl. styret og reiseskrivaren frå Mållaga på Agder.


Sak 1: Opning med godkjenning av innkalling og sakliste
Leiar Anne Austad ynskte velkomen til årsmøtet.

Sak 2: Val av møtestyrar
Anne Austad vart vald til møtestyrar.

Sak 3: Val av skrivar
Borghild Løver vart vald til møteskrivar.

Sak 4: Val av to til å skrive under møteprotokollen
Årsmøtelyden valde Øyvind Grov og Svein Slettan til å skrive under møteprotokollen.

Sak 5: Årsmelding for lagsdrifta
Borghild Løver las opp årsmeldinga, som vart godkjend utan merknader.

Sak 6: Rekneskapen for lagsdrifta
Lagsrekneskapen vart gjennomgått av Borghild Løver.
Revisjonsmeldinga som låg ved, synte at rekneskapen var godkjend. Årsmøtet godkjende rekneskapen.

Sak 7: Årsmelding for forretningsdrifta
Olav Molland las opp årsmeldinga for forretningsdrifta, som er revidert og funnen i orden av ein statsautorisert revisor (Revisjon Sør).
Årsmøtet godkjende årsmeldinga.

Sak 8: Rekneskapen for forretningsdrifta
Olav Molland gjekk gjennom resultat- og jamvektrekneskapen for forretningsdrifta, som er revidert av statsautorisert revisor (Sigmund Berg i Revisjon Sør). Båe vart samrøystes godkjende.

Sak 9: Skiping av lutlag
Ved årsmøtepapira låg det ved eit orienteringsskriv. Olav orienterte om saka, og la fram dette for vedtak i årsmøtet:
Stifting av lutlag med lutkapital 363.000 kr, som er Mållaget i Kristiansand sin del (72,6%) av den totale lutkapitalen på 500.000 kr. Namnet på lutlaget er Mållaget eigedom A/S. Dette styret er valt: Olav Molland – leiar, Leiv Storesletten – styremedlem, Anne Austad – styremedlem.
Årsmøtelyden gjekk samrøystes inn for ovannemnde framlegg.
Sak 10: Budsjett
Borghild Løver greidde ut om budsjettet for laget i 2013, der utgiftene er reduserte til 296.000, altså eit endå strammare budsjett enn i 2012. Løyvingane til Hånes/Lovisenlund og kurs med Aud Søyland på Sørlandske lærarstemne vert prioritert.
Årsmøtet godkjende budsjettet.

Så var det matøkt:
Blautkake med marsipan vart eten mest heilt opp, og kaffi/te høyrde med. Lyrikklubben hadde diktopplesing: Åge Krohn-Gunnersen med Ivar Aasen-dikt, Gerd B. Mortensen med Åse Marie Nesset og Maria Viken med Aslaug Ljåstad Lygre.

Sak 11: Val
Leiar for eitt år: Solveig Lima
Val av tre styremedlemer for to år: Olav Molland, Svein Slettan og Anne Austad.
Val av styremedlem for eitt år (for å sikre at ikkje for mange er på val på ein gong): Anne Tone Hageland.
Val av varamedlemer for eitt år: Leiv Storesletten (1. vara), Hilda Helene Neset (1. vara), Åsmund Olaf Unhjem (2. vara) og Reidun Vik (2. vara).
6 utsendingar til fylkesårsmøtet i april på Hornnes: Maria Viken, Åsmund Olaf Unhjem, Åge Krohn-Gunnersen og 3 frå styret.
2 utsendingar til NM-landsmøtet på Ørsta 19.-21. april: Solveig Lima og Svein Slettan, med Olav Molland, Anne Austad, og Anne Tone Hageland som vara.
Valnemnd: Øyvind Grov, Gerd B. Mortensen og Ragnhild Mydland.
Alle vart samrøystes valde.

Sak 12: Val av revisor for laget og forretningsdrifta
Revisor for forretningsdrifta: Revisjon Sør v/Sigmund Berg (Thorbjørnsen Regnskap fører rekneskapen for forretningsdrifta).
Revisor for laget: Revisjon Sør v/Sigmund Berg (John Seland fører lagsrekneskapen).
Årsmøtelyden gjekk samrøystes inn for føreslegne revisor.

Sak 13: Innkomne framlegg
Det var ingen innkomne framlegg.

Anne Austad helste folk vel heim etter at årsmøtet var ferdig kl. 20.55. Men fyrst vart det gjeve blomar til avtroppande leiar Anne Austad, nestleiar Olav Molland, dagleg leiar Borghild Løver, diktopplesarane Maria Viken, Gerd B. Mortensen og Åge Krohn-Gundersen.


Ref.: BL


_______________________________ _______________________________
Øyvind Grov Svein Slettan



© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS