FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmøteprotokoll 2014

 (20.02.2014)

16 av lagsmedlemene hadde møtt fram, inkl. styret.

Sak 1: Opning. Godkjenning av innkalling og sakliste

Leiar Solveig Lima ønskte velkomen til årsmøtet. Årsmøtet godkjende innkalling og saksliste.

Sak 2: Val av møtestyrar

Leiv Storesletten blei vald til møtestyrar.

Sak 3: Val av skrivar

Svein Slettan blei vald til møteskrivar.

Sak 4: Val av to til å skrive under årsmøteprotokollen

Årsmøtelyden valde Maria Viken og Dag Olav Hagen til å skrive under møteprotokollen.

Sak 5: Årsmelding for lagsdrifta i meldingsåret

Svein Slettan gjekk gjennom årsmeldinga, som blei godkjend med to mindre merknader.

Sak 6: Rekneskapen for lagsdrifta

Lagsrekneskapen blei gjennomgått av Solveig Lima.

Revisjonsmeldinga som låg ved, synte at rekneskapen var godkjend. Årsmøtet godkjende rekneskapen.

Sak 7: Budsjett for 2014

Solveig Lima greidde ut om budsjettet for 2014, som på same vis som 2013-budsjettet syner ei nøktern haldning til utgifter, i ein periode med store investeringar og omleggingar i bygget. Årsmøtet godkjende budsjettet.

Sak 8: Orientering om omlegging av drifta til lutlag

I årsmøtepapira låg det ei orientering om forretningsdrifta. Olav Molland gjekk gjennom orienteringa. Det var ingen merknader frå årsmøtet til innhaldet. Olav Molland fekk ros av årsmøtet for det store arbeidet han og Ole Steffen Gusdal i BUL har gjort med omleggingsarbeidet.

Matøkt og underhaldning

Blautkake blei servert, saman med kaffi/te. Maria Viken las opp dikt av Aslaug Ljåstad Lygre og Halvor Floden, på framifrå vis.

Sak 9: Val

a) Leiar for eitt år: Solveig Lima

b) Val av tre nye styremedlemer for to år: Tobbi Kvåle, Jan Petter Horn og Kjellaug Kvalsvik

c) Val av fire varafolk for eitt år: Hilda Helene Neset (1. vara, kvinner, attval), Leiv Storesletten (1. vara, menn, attval), Anne Tone Hageland (2. vara, kvinner, ny), Åsmund Olaf Unhjem (2. vara, menn, attval)

Tre styremedlemer var ikkje på val, og har eitt år att: Olav Molland, Svein Slettan og Anne Austad.

d) Val av valnemnd: Øyvind Grov (attval), Ragnhild Mydland (attval) og Bjug Åkre (ny)

e) Val av seks utsendingar til årsmøtet i Vest-Agder Mållag 22. mars, med varafolk: Solveig Lima, Bjug Åkre, Leiv Storesletten, Maria Viken, Anne Austad og Åsmund Olav Unhjem. Vara: Ingebjørg Nesland Steen

f) Val av to utsendingar til årsmøtet i Noregs Mållag 4.-6. april: Solveig Lima og Svein Slettan, med varafolk Hilda Helene Neset og Leiv Storesletten

Ragnhild Mydland presenterte kandidatane på vegne av valkomiteen.

Alle vart samrøystes valde.

Sak 10: Val av revisor for laget

Revisor for laget: Revisjon Sør v/Sigmund Berg (John Seland fører lagsrekneskapen).

Årsmøtelyden gjekk samrøystes inn for føreslegne revisor.

Sak 11: Innkomne saker

Det var ingen innkomne framlegg.

 

Solveig Lima helste folk vel heim etter at årsmøtet var ferdig kl. 20.50. Men først blei det gitt blomar til dei avtroppande styremedlemene Bjug Åkre og Anne Tone Hageland, til møteleiar Leiv Storesletten, og til diktopplesar Maria Viken. Før årsmøtet blei det også gitt blomar til Synnøve Skjær, som er avtroppande styremedlem, men som ikkje kunne vere til stades på årsmøtet.

 

 

Ref.: Svein Slettan

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS